Panjabi
Pandsjabi eller panjabi[1] (panjabi ਪੰਜਾਬੀ [paṃjābī], nokre gonger skrive punjabi), høyrer til den indoariske greina av indoeuropeiske språk og blir snakka av folk i Panjab-regionane i India og Pakistan. Det har over 90 millionar talarar, og er dermed verdast ellevte mest tala språk.
Panjabi ਪੰਜਾਬੀ / پنجابی | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Indoiransk | |
Bruk | ||
Tala i | India, Pakistan og andre land med utvandrarar frå Panjab | |
Område | Panjab | |
Panjabitalande i alt | 27 125 000 (austlege, som morsmål)
78 000 000 (vestlege, som morsmål) | |
Rangering | 11. største språket i verda | |
Skriftsystem | Gurmukhi, sjahmukhi, devanagari | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Panjab, India | |
Normert av | - | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | pa | |
ISO 639-2 | pan | |
ISO 639-3 | pan | |
Wikipedia på panjabi |
Panjabi er det heilage språket i sikhismen og det er det viktigaste språket for populærmusikksjangeren bhangra.
Panjabi kan skrivast med tre ulike skriftsystem: Gurmukhi, som er spesiallaga for språket, sjahmukhi, som er ei tilpassa utgåve av det arabiske alfabetet, og devanagariskrift, som òg blir brukt for hindi.
India
endrePanjabi er det offisielle språket i den indiske staten Panjab og blir òg tala i granneområde som Haryana og Delhi.
Pakistan
endreSjølv om kring halvparten av innbyggjarane i Pakistan har panjabi som morsmål, har språket ikkje offisiell status der og blir heller ikkje bruka i utdanninga. Panjabi-språklege pakistanarar brukar vanlegvis anten urdu eller engelsk i formelle samanhengar som offentleg styring, aviser og utdanning. Dette har ført til ein del misnøye blant det panjabi-språklege fleirtalet i Pakistan — eit fleirtal på 60 % om ein reknar med den nærskylde dialekten siraiki som blir tala kring den historiske byen Multan.
Andre land
endrePanjabi blir tala som innvandrar- og minoritetsspråk i mange land, inkludert Afganistan, Storbritannia, USA og, ikkje minst, Canada: I Canada er panjabi det sjette største språket med 271 220 menneske som brukar det som daglegspråk.
Sikhismens heilage språk
endrePanjabi er det heilage språket i sikhismen, og sikhanes heilage skrift Guru Granth Sáhib er hovudsakleg skriven på panjabi og med gurmukhiskrift.
Bruk i bhangramusikken
endreDen populære populærmusikksjangeren bhangra, som i dei siste åra har vorte svært populær både i Sør-Asia og andre stader, har i all hovudsak tekster på panjabi.
Viktige forfattarar
endre- Waris Shah
- Jaka Shah
- Bulleh Shah
- Hashim
- Sultan Bahu
- Shiv Kumar Batalvi
- Amrita Pritam
- Kartar Duggal
- Mohan Singh
- Pash
- Sahin Nashin Jahui
- Gurbaksh Singh Preetlari
- Nanak Singh
- Ilyas Ghumman
- Saadat Hasan Manto
- Surjit Patar
- Bhai Veer Singh
- Dhani Ram Chatrik
- Gurdial Singh
- Sohan Singh Seetal
- Sant Singh Sekhon
Kjelder
endre- ↑ Normerte namn på norsk, jf. Protokoll fra styremøte 24. februar 2021, sprakradet.no
Bakgrunnsstoff
endre- A look at the variety on offer in panjabi language and culture Arkivert 2005-10-16 ved Wayback Machine.
- Punjabi dictionary
- Punjabi Computing Resource Centre
- Academy of the Punjab In North America (APNA)
- Free online Diaspora Punjabi (Gurmukhi) lessons
- Learn Gurmukhi - Sound and Graphics Arkivert 2004-04-11 ved Wayback Machine.
- Punjabi Language and Literature Arkivert 2005-08-13 ved Wayback Machine.
- Peoples and Languages in Pre-Islamic Indus Valley Arkivert 2008-05-09 ved Wayback Machine.
- Ethnologue - Languages of India
- Ethnologue - Languages of Pakistan