Hatrið mun sigra

«Hatrið mun sigra» (norsk omsetjing 'hatet vil sigra') er ein islandsk song frå 2019 av performance-bandetHatari. Songen er skriven av dei tre bandmedlemmane Einar Hrafn Stefánsson, Klemens Nikulásson Hannigan og Matthías Tryggvi Haraldsson. Laurdag 2. mars 2019 vann songen Söngvakeppnin 2019, den islandske uttakinga til Eurovision Song Contest. Songen var det islandske bidraget i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel, der han kom på tiandeplass i finalen.

Om songenEndra

Bandet Hatari er kjend for sine samfunnskritiske performance-aktige liveframsyningar og BDSM-inspirerte scenekostyme. Hatari skildrar seg sjølve som ein «anti-kapitalistisk-, BDSM-, techno- og performancekunst-gruppe».[1] Tittelen «Hatrið mun sigra» kan omsetjast til «Hatet vil sigra» på norsk.[2] Bandet har uttalt at dei har som mål å avskaffa kapitalismen[3], og at den samfunnskritiske teksta er eit «ledd i denne planen».[4]

Teksta tek òg opp framveksten av høgreradikalisme i Europa og falske nyhende på internett. Delar av teksta går som følgjer: «Hatrið mun sigra. Evrópa hrynja, vefur lyga. Rísið úr öskunni, sameinuð sem eitt» (Hatet vil sigra. Europa kollapsar, nettet lyg. Stig opp frå oska, sameinte som eitt).[5][6]

Eurovision Song ContestEndra

I januar 2019 vart Island trekt til å deltake i semifinale 1 av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel tysdag 14. mai, og Island hadde startnummer 13.[7] «Hatrið mun sigra» vart blant dei ti beste i semifinalen og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 18. mai.[8] I finalen kom songen på tiandeplass av 26 bidrag.[9]

ListeplasseringarEndra

Liste (2019) Høgste

plassering

  Island (RÚV)[10] 1

ReferansarEndra

  1. «Bondage-Synth-Punk Trio Hatari Announce Final Gig After Failing To Dismantle Capitalism». Fröken Ltd. Henta 10. februar 2019. 
  2. «Hatari win Iceland's ticket for Eurovision!». EBU. 2. mars 2019. Henta 3. mars 2019. 
  3. «Iceland: Hatari wins Söngvakeppnin 2019 with "Hatrið mun sigra"». 2. mars 2019. Henta 3. mars 2019. 
  4. «Hatari fulltrúi Íslands í Eurovision». Morgunblaðið. 2. mars 2019. Henta 3. mars 2019. 
  5. «Hatari - Hatrið mun sigra lyrics» (på engelsk). Henta 3. mars 2019. 
  6. «Hatari - Hatrið mun sigra lyrics + Norwegian translation» (på engelsk). Henta 3. mars 2019. 
  7. «First Semi-Final of Tel Aviv 2019». EBU. Henta 7. mai 2019. 
  8. «First Semi-Final: 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». 14. mai 2019. Henta 15. mai 2019. 
  9. «Grand Final of Tel Aviv 2019». EBU. mai 2019. Henta 26. mai 2019. 
  10. «Vinsældalisti Rásar 2» (på engelsk). Henta 2. april 2019.