Opna hovudmenyen
Wandahaugen ved Kraków i Polen, ein gravhaug knytt til sogefiguren Wanda.
Kościuszkohaugen til minne om nasjonalhelten Tadeusz Kościuszko ved Kraków.

Haug (norrønt haugr) er ei høgd i terrenget som kan vera laga av jord, sand, stein eller anna materiale. Ein haug har ofte form som ein liten, rundvoren ås.[1]

Haugar kan vera alle typar opphøgingar som minnar om fjell eller åsar. Dei kan vera naturleg eller menneskeskapte, laga av ei rekkje ulike grunnar, til dømes som gravhaugar, minnehaugar eller for rituelle føremål.

I norrøn tid blei ting ofte haldne på haugar, jamfør tinghaug. Haugatinget for Vestfold blei til dømes halde på høgda Haugar i noverande Tønsberg, medan TynwaldIsle of Man framleis held særskilde møte på Tynwaldhaugen (Tynwald Hill) på Tynwald-dagen.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.