Ølen

tidlegare kommune i Noreg
(Omdirigert frå Ølen sokn)
Denne artikkelen handlar om den tidlegare kommunen. For tettstaden som ofter vert kalla berre Ølen, sjå Ølensjøen.

Ølen er ein tidlegare kommune i Sunnhordland. Kommunen vart frå 1. januar 2002 overført frå Hordaland fylke til Rogaland fylke i samsvar med fleirtalet av innbyggjarane sine ynske. Seinare vart Ølen kommune slege saman med den dåverande Vindafjord kommune, som kommunen grensa til over land i sør. Kommunen grensa dessutan til Etne kommune i Hordaland fylke i aust, og over sjøen til Hordalandskommunane Kvinnherad kommune og Stord kommune i nord og Sveio kommune i vest.

Ølen
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Areal 181 km²
Kommunenr. 1159, 1214
Kart
Ølen
59°36′15″N 5°48′28″E / 59.604166666667°N 5.8077777777778°E / 59.604166666667; 5.8077777777778
[[Fil: NO 1159, 1214 {{{namn}}}.svg |200 px|none| ]]
Wikimedia Commons: Ølen (former municipality)
Frå Ølensjøen.

Kommunesenteret Ølensjøen var den største tettstaden. Andre tettstadar var Ølensvåg, Vikebygd og Bjoa.

Historie endre

Namnet Ølen kjem av norrønt språk Olund eller Ǫlund. Dette kan ha vore det opphavlege namnet på Ølensfjorden. Tilhøyrande innbyggjarnamn er Ølensbu eller Ølsbu. Namnet har samanheng med norrønt ala, næring eller føde, og kan sikta til rikdom på fisk. Namna Ølensjøen og Ølensvåg er laga ut frå namnet ǫlund. Eit namn nytta i dansketida var Aalund (Ålund). Namnet vart nytta til innpå 1800-talet. Ølen vart eigen kommune i 1916, og omfatta då kyrkjesokna Ølen og Bjoa. I 1964 kom til Austre Vikebygd til. Det heradet Vikebygd vart delt mellom kommunane Sveio kommune og Ølen. Før 1916 var Ølen ein del av Fjelberg (Fjeldberg) herad og prestegjeld. Ølen høyrde til dette prestegjeldet fram til 1954, då Ølen vart eige prestegjeld som omfatta sokna Ølen og Bjoa, frå 1964 òg Vikebygd sokn. Soknet er i dag tilsvarande Ølen kommune.

Ølen kommune vart slegen saman med Vindafjord den 1. januar 2006. Namnet på den nye kommunen vart Vindafjord, kommunesenteret vart lokalisert i Ølen sentrum ved Ølensjøen. Nytt felles kommunestyre var det val på i samband med stortingsvalet 2005. Ved kommunesamanslåinga vart òg eit nytt kommunevåpen laga til nye Vindafjord kommune, dette hadde same utforminga som kommunevåpenet til Ølen kommune, men der grønfargen var erstatta med raudt.

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur endre