Haugesund lufthamn, Karmøy
Haugesund lufthamn, Karmøy (IATA: HAU, ICAO: ENHD) er ein stamflyplass som ligg på Karmøy omtrent midt mellom byane Kopervik og Haugesund i Rogaland fylke.
Haugesund lufthann, Karmøy | |||
| |||
IATA | HAU | ||
---|---|---|---|
ICAO | ENHD | ||
Flyplasstype | Sivil | ||
Eigar | Avinor | ||
Operatør | Avinor | ||
Tener | Haugesund | ||
Stad | Karmøy kommune | ||
Opna | 1975 | ||
Høgd | 23,2 | ||
Koordinatar | 59°20′36″N 5°12′45″E | ||
Nettstad | https://flyhau.no/no/, https://flyhau.no/en/ |
Flyplassen vart opna i 1975. Han ligg utsett til for vêr, på utsida av Karmøy og med Nordsjøen ved enden av rullebanen. Eventuelle stengingar grunna vêr er oftast på grunn av tåke. Det hindrar ikkje at Haugesund lufthamn, Karmøy er blant dei mest punktlege stamflyplassane i Noreg.
I 2004 hadde Haugesund lufthamn, Karmøy ein regularitet på 98,1 prosent (77 av 4116 planlagde flygingar vart kansellert). Målet på kor punktleg flyselskapet er var oppe i 91,3 prosent (338 av 3893 flygingar var forsinka).
Av de 413 483 passasjerane som reiste over Haugesund lufthamn, Karmøy i 2004 var 334 334 innanlandspassasjerar, og 79 149 utanlands (Ryanair og charter).
Ruter og selskap
endre- Apollo (Chania, Tenerife)
- Startour (Las Palmas)
- Ving (Antalya)
- Tyrkiareiser (Antalya)
- Ryanair (Alicante, Bremen, London-Stansted, Malaga
- Scandinavian Airlines (Bergen, Kristiansund, Oslo)
- Norwegian (Oslo)
Kjelde
endre- Denne artikkelen bygger på «Haugesund lufthavn, Karmøy» frå Wikipedia på bokmål, den 10. juni 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- Haugesund lufthamn, Karmøy Arkivert 2015-09-19 ved Wayback Machine. ved Avinor.no