Haukrei kraftverk
vannkraftverk i Fyresdal kommune, Telemark fylke, Noreg
Haukrei kraftverk er eit vasskraftverk ved Haukereivatnet i Arendalsvassdraget i Fyresdal kommune, Telemark. Kraftverket vart sett i drift i 1992 og utnyttar eit fall på 103 meter mellom Hovvatn og Haukreivatnet.
Haukrei kraftverk | |||
| |||
Plassering | Fyresdal kommune | ||
---|---|---|---|
Fallhøgde | 103 m | ||
Aggregat | Francisturbin | ||
Installasjon | 16 MW | ||
Magasinkapasitet | 106 millionar m³ | ||
Årsproduksjon | 49 GWh | ||
Eigar | Skagerak Kraft | ||
Drift | 1992 | ||
Haukrei kraftverk 59°12′17″N 7°49′54″E / 59.20481°N 7.83178°E |
Fisstøylvatnet er ein del av Torsdalsmagasinet som hovudsakleg ligg i Valle kommune. Magasinet består av dei tidlegare vatna Fisstøylavatnet, Hovatnet og Raudvatnet.
Det er installert to Francisturbinar med ei totaleffekt på 16 MW, og leverer årleg gjennomsnittleg 49 GWh. Nedslagsfeltet til magasinet er på 151 km2 og normalt årstilsig er på 206 millionar m3.
Kraftverket er bygd i samband med ein eksisterande tappetunnel bygd for Finndøla kraftverk, og kraftverket køyrast i samdrift med Finndøla.
Eigar er Skagerak Kraft.