Havøysund kyrkje
Havøysund kyrkje er ei langkyrkje frå 1961 i Måsøy kommune i Finnmark fylke. Kyrkja ligg i Havøysund og høyrer til under Nord-Hålogaland bispedøme.
Havøysund kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Prosti | Hammerfest | ||
Fellesråd | Måsøy | ||
Type | langkyrkje | ||
Arkitekt | Esben Poulsson | ||
Material | betong og tre | ||
Innvigd | 1960 | ||
Kyrkjegard | det er kyrkjegard ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 300 | ||
![]() Havøysund kyrkje | |||
Wikimedia Commons: Havøysund kirke | |||
Byggverket er i betong og tre og er bygd med 300 plassar. Arkitekt var Esben Poulsson.[1]
HistorieEndra
Den første kyrkja i Havøysund var ei kyrkje som opphavleg stod på Måsøya, men blei flytta til Kirkeøra i Havøysund i 1832. Seinare blei denne kyrkja flytta tilbake til Måsøya, men ho blei brend saman med resten av bygda under brenninga av Finnmark i 1944.[2]
Etter krigen avgjorde ein at hovudkyrkja skulle flyttast frå Måsøy til Havøysund att. Først heldt kyrkjelyden til i ei brakke, men etterkvart blei det reist eit kyrkjebygg. Dette blei innvigd av biskop Alf Wiig den 26. november 1961. Mykje av utstyret i kyrkja kom frå brakkekyrkja.
UtsmykkingEndra
Altertavla i kyrkja er måla av Terje Grøstad. Motivet er Kristus si oppstanding.[3]
KjelderEndra
- ↑ Larsen, Per Willy (6. desember 2006). «Kirkene i Finnmark». NRK (norsk). Henta 12. februar 2017. «Kirka ble bygget i 1960-1961. Den er oppført i tre og betong. Det er arkitekt Esben Paulsson, Oslo, som har tegnet kirke som ligger sentralt i bygda.»
- ↑ Kirkene i Måsøy kommune, brosjyre frå kyrkja
- ↑ Larsen, Per Willy (6. desember 2006). «Kirkene i Finnmark». NRK (norsk). Henta 12. februar 2017. «Kirken er enkel utvendig og stilren og vakker innvending. Altertavla er malt av Terje Grøstad og har motiv fra Påskebudskapet med den oppstandne Kristus i sentrum.»
- Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 , «Havøysund kirke, Havøysund», s. 99
BakgrunnsstoffEndra
- Havøysund kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til RiksantikvarenDenne kyrkjeartikkelen som har med Finnmark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.