He's Sure the Boy I Love

He's Sure the Boy I Love
Singel av The Crystals
frå albumet He's a Rebel
B-side Walkin' Along (La La La)
Utgjeve 1962
Innspelt Gold Star Studios, Los Angeles
Sjanger Rock
Lengd 2:17
Selskap Philles
Låtskrivar(ar) Barry Mann, Cynthia Weil
Produsent Phil Spector
The Crystals-kronologi
He's a Rebel
1962
He's Sure the Boy I Love Da Doo Ron Ron
1963


«He's Sure the Boy I Love» er ein song frå 1962 av The Crystals. Songen vart opphavleg spelt inn av The Blossoms, men artistnamnet som vart sett på utgjevinga var The Crystals.

BakgrunnEndra

I 1962 spelte The Blossoms inn «He's a Rebel» med Phil Spector. I staden for å The Blossom gav Spector ut songen under namnet til The Crystals utan å informere gruppa medan dei var på turné.[1] Etter at «He's A Rebel» vart ein hit, henta Spector The Blossoms attende for å spele inn «He's Sure the Boy I Love».[2]

InnspelingEndra

Medan The Crystals var på turné, spurte Phil Spector Darlene Love frå The Blossoms om å spele inn «He's Sure the Boy I Love». Etter å ha fått namnet fjerna frå «He's A Rebel», bas Love Spector om å gje ho ein kontrakt der ho skulle få tre cent per plate.[3] Songen vart spelt inn i Gold Star Studios i Los Angeles i november 1962. The Wrecking Crew spelte eit arrangement laga av Jack Nitzsche, medan Larry Levine var lydteknikar.[4]

UtgjevingEndra

«He's Sure the Boy I Love» kom ut på The Crystals-albumet He's a Rebel og erstatta ein tidlegare song som opphavleg hadde vore på Twist Uptown.[5]

KontroversEndra

Då The Blossoms oppdaga at Spector igjen hadde fjerna dei som artistar frå ei innspeling, hamna Patsy Wright i ein konfrontasjon med Spector.[6] The Crystals vart òg sinte på Spector for at dei måtte syngje enno ein song på turné som ikkje var deira song. For å høyrast ut som Darlene Love, øvde førstevokalisten i The Crystals, La La Brooks, på introduksjon til «He's Sure the Boy I Love» med California-aksent.[5]

SalslisterEndra

I februar 1963 nådde songen 18. plassen på Hot R&B Singles[7] og 11. plassen på Billboard Hot 100.[8]

KjelderEndra

  1. Gaar, Gillian G. (2002). She's a Rebel: The History of Women in Rock and Roll (Expanded 2nd utg.). Seal Press. s. 42–43. ISBN 1580050786. Henta 21. februar 2018. 
  2. Clemente, John (2013). Girl Groups: Fabulous Females Who Rocked The World. AuthorHouse. s. 39–40. ISBN 9781477276334. Henta 21. februar 2018. 
  3. O'Brien, Lucy (2002). She Bop II: The Definitive History of Women in Rock, Pop and Soul (2nd utg.). Continuum. s. 70–71. ISBN 9780826472083. Henta 21. februar 2018. 
  4. Phil Spector: Back To Mono 1958 - 1969, 4 CD box set, All Mother Bertha Music, 1991, liner notes
  5. 5,0 5,1 Clemente 2013, s. 142.
  6. Brown, Mick (2012). Tearing Down The Wall of Sound: The Rise And Fall of Phil Spector (Reprint utg.). A&C Black. ISBN 1408819503. Henta 21. februar 2018. 
  7. «Hot R&B Singles». Billboard: 16. 9 February 1963. Henta 23. februar 2018. 
  8. «The Hot 100». Billboard: 20. 16 February 1963. Henta 23. februar 2018.