Hebburn er ein by i South Tyneside i Tyne and Wear i England. Hebburn ligg ved sørbreidda av Tyne i Nordaust-England, mellom byane Jarrow og Gateshead og sør for Walker i Newcastle. Folketalet i Hebburn var 18 808 i 2001,[1] og hadde i 2011 gått ned til 16 492 i wardane North Hebburn og South Hebburn.[2][3] Staden var tidlegare del av den private Ellison-eigedommen.[4] Han blei eit eige Urban District i 1894,[4][5] og i 1974 blei han del av Tyne and Wear som var eit metropolitan county.[5] Hebburn låg historisk i County Durham.

Hebburn
by
Land  Storbritannia
Kart
Hebburn
54°58′18″N 1°30′46″W / 54.9718°N 1.5128°W / 54.9718; -1.5128
Wikimedia Commons: Hebburn

Historie endre

 
Hebburn i 2011, med blokkene Westmorland Court og Durham Court.

I gammalengelsk tid var Hebburn ein liten fiskarlandsby ved elva Tyne.[4] Namnet Hebburn skal stamma frå dei gammalengelske orda heah, 'høg' og byrgen, 'gravhaug', men er også blitt tolka som 'høg stad ved vatnet'. Den eldste omtateln av Hebburn nemner ein busetnad av fiskarhytter på 700-talet som var blitt brend av vikingar.

På 1300-talet var landskapet prega av eit befesta steintårn eller peel tower. Ein del av veggen til tårnet er att ved St. John's Church.[6] Tittelen som Lord of the Manor ved Hebburn tilhøyrde fleire ulike familiar i løptet av mellomalderen, mellom anna Hodgsons of Hebburn.[7]

Industrialisering endre

Tidleg på 1600-talet blei den rike Newcastle-familien Ellison eigarar av Hebburn.[4] Ein byrja gruvedrift etter kol her så tidleg som på 1600-talet. Ellison-familien fekk gode inntekter frå Hebburn Quay, og frå 1792 frå kolgruva Hebburn Colliery.[4] Denne verksemda omfatta etterkvart tre gruver. På 1800-talet bygde dei ut herskapshuset Hebburn Manor til den større Hebburn Hall.[4] Hebburn Colliery hadde ei viktig rolle i utviklinga av tryggleik i gruver etter gruveulukke ved Felling Colliery i 1812. Humphry Davy budde hjå Cuthbert Ellison i Hebburn Hall i 1815 og tok prøvar av den eksplosive gruvegassen metan frå Hebburn-gruva som blei sende til London i vinflasker og brukt i eksperiment som førte fram til tryggleikslampa for gruvearbeidarar. Lampane til Davy blei prøvde ut i Hebburn-gruva i 1816.[8]

I 1853 kom Andrew Leslie til staden frå Aberdeen i Skottland. Han utvida Ellison-verksemda vidare, med skipsbygging.[4] På 200 år med industrialisering voks Hebburn til ein moderne by med 20 000 innbyggjarar.[4] Vidare vekst følgde etter at jernbanen kom til Hebburn i 1872, med utvikling av mursteins-, metall- og kjemiske industriar.[4]

Verftet til Andrew Leslie sjøsette to hundre og femfitme skip før 1885.[9] I 1885 blei verftet slått saman med den lokale lokomotivbyggjaren W Hawthorne, endra namn til Hawthorn Leslie and Company, og voks vidare.[9]

I 1894 fekk Hebburn status som eit eige Urban District;[4] det var ikkje lenger den private eigdeommen til Ellison-familien. Distriktet tok i bruk familieskjoldet til Ellison som våpen.[5]

I 1901 opna Alphonse Reyrolle føretaket Reyrolle Electrical Switchgear Company.[4][9] I 1932 blei Hebburn Colliery stengd. 200 gruvearbeidarar hadde omkome i løpet av tida det var i drift. Den yngste av dei var ein tiåring.[10] I 1936 blei Monkton Coke Works opna av styresmaktene som respons på Jarrow-marsjen i 1932.[11]

Monkton Coke Works blei stengd i 1990 og rive i 1992.[11] Den tidlegare British Short-Circuit Testing Station i byen, som var brukt av A. Reyrolle & Company, blei brukt av Gary Numan til musikkvideoen Metal. Anlegget blei rive i 2011.[12]

Hebburn på 2000-talet endre

Hebburn har eit økologi-senter med energi frå vindturbinar.

Det ligg eit verft her drive av A&P Group.[13]

4th Battalion, eit Parachute Regiment, og 23 SAS Reserves har basar i Hebburn.[14] Air Cadets er aktive ved Hebburn TA Centre.[15]

I 2012 bestilte BBC ein fjernsynsserie med handling frå byen med tittelen Hebburn. Serien blei skapt og dels skrive av Jason Cook, som voks opp i Hebburn.[16] Den fyrste episoden blei send i oktober 2012.[17][18]

Utdanning endre

Hebburn har to vidaregåande skular, St Joseph's Catholic Academy (tidlegare St Joseph's Comprehensive School) og Hebburn Comprehensive School.[19]

Transport endre

Byen har ein stasjon på Tyne and Wear Metro, Hebburn Metro station. Det går jamleg buss til South Shields, Jarrow, Gateshead og Newcastle frå Station Road.

Hebburn hadde tidlegare ferjetilbod over Tyne.[20] Ferjene tilhøyrde ulike verft i området, og gjekk mellom Hebburn, Walker og Wallsend.[20] Den siste ferja gjekk i 1986.[20] Ei av ferjene, som blei drivene av Mid Tyne Ferry Co, heitte «Tyne Queen».[21] I 2020 var ho blitt omdøypt til «Jacobite Queen»[21] og gjekk i fart på Loch Ness i Inverness i Skottland.[21]

Kjende folk frå Hebburn endre

Kjelder endre

  1. Office for National Statistics : Census 2001 : Urban Areas : Table KS01 : Usual Resident Population DMM - Hebburn Colliery
  2. «Hebburn south ward population 2011». Arkivert frå originalen 14. juli 2015. Henta 6 July 2015. 
  3. «Hebburn north ward population2011». Arkivert frå originalen 14. juli 2015. Henta 6 July 2015. 
  4. 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 4,10 The Jarrow & Hebburn Local History Society. «Hebburn». jarrowandhebburnhistory.uk. Henta 13 January 2020. 
  5. 5,0 5,1 5,2 The Jarrow & Hebburn Local History Society. «About Hebburn». jarrowandhebburnhistory.uk. Henta 13 January 2020. 
  6. Staff (1 January 2012). «Eight interesting facts about Hebburn». Evening Chronicle (på engelsk) (Newcastle: chroniclelive.co.uk). Henta 30 July 2018. 
  7. James, Mervyn (1974) ''Family, Lineage, and Civil Society: A Study of Society, Politics, and Mentality in the Durham Region, 1500-1640'' (Oxford: Oxford University Press).
  8. Henderson, Tony (24 June 2016). «From The Cokeys to Spuggies' Bridge: 17 things you'll know if you're from Hebburn». Chronicle (på engelsk) (Newcastle: chroniclelive.co.uk). Henta 30 July 2018. 
  9. 9,0 9,1 9,2 «Take a tour of the old streets of Hebburn with its people and places». Chronicle (på engelsk) (Newcastle: chroniclelive.co.uk). 3 October 2016. Henta 24. januar 2020. 
  10. «Hebburn Colliery». dmm.org.uk. Henta 30 July 2018. 
  11. 11,0 11,1 «Demolition of Monkton Cokeworks». southtynesidehistory.co.uk. Arkivert frå originalen 2. oktober 2018. Henta 2. oktober 2018. 
  12. «Former Reyrolle site set to disappear». shieldsgazette.com. Arkivert frå originalen 30. juni 2015. Henta 28 June 2015. 
  13. Gibson, Robert (6 May 2016). «20,000 tonne wind turbine installation vessel docks at A&P Group's Tyne yard». Chronicle (på engelsk) (Newcastle: chroniclelive.co.uk). Henta 29 April 2018. 
  14. «British Army - 23 SAS (Newcastle)». Arkivert frå originalen 25. januar 2022. Henta 25. februar 2022. 
  15. «1027 (Jarrow) Squadron». 1027sqn.org. Henta 28. juni 2015. 
  16. Dipper, Andrew (2 September 2012). «Interview: Hebburn creator Jason Cook». Giggle Beats. Arkivert frå originalen 20. mars 2017. Henta 1 December 2012. 
  17. Lawson, Ruth (March 2012). «Jason Cook's pilot show 'Hebburn' commissioned». The Chronicle. 
  18. «Hebburn». BBC. 
  19. «Hebburn Comprehensive School, South Tyneside». hebburn.net. Henta 28. juni 2015. 
  20. 20,0 20,1 20,2 Morton, David (3. september 2015). «The Tyne ferries that have carried thousands of passengers for generations». Chronicle (på engelsk) (Newcastle: chroniclelive.co.uk). Henta 5. mai 2018. 
  21. 21,0 21,1 21,2 «Jacobite Queen». nationalhistoricships.org.uk. National Historic Ships UK. Henta 24. januar 2020. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hebburn