Heike Kamerlingh Onnes
nederlandsk fysikar
Heike Kamerlingh Onnes (21. september 1853–21. februar 1926) var ein nederlandsk fysikar og er kjent for undersøkingane sine av eigenskapane til gassar, metall og metall-legeringar ved låge temperaturar.
Han var professor i Leiden. Han var den første som framstelte flytande hydrogen (1906). I 1908 lukkast det han å kondensere helium ved ein temperatur på 4 K, og ved å la flytande helium fordampe nådde han ned i ein temperatur på 1 K. Kamerlingh oppdaga superleiing i 1911.
Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1913 for forskinga si på ekstremt låge temperaturar (nær det absolutte nullpunktet), ei forsking som mellom anna førte til produksjonen av flytande helium.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Heike Kamerlingh Onnes» frå Wikipedia på bokmål, den 21. februar 2012.
- Heike Kamerlingh Onnes. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Heike_kamerlingh_onnes
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Heike Kamerlingh Onnes