Heinz Wosipiwo (fødd 25. januar 1951) er ein tysk, tidlegare skihoppar frå Sohl i delstaten Sachsen og som representerte Aust-Tyskland. Han vann i 1972 sølvmedaljen i den fyrste verdsmeisterskapen i skiflyging, to år seinare fekk han også ein sølvmedalje i normalbakkerennet under verdsmeisterskapen på ski i Falun.

Heinz Wosipiwo
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 25. januar 1951 (73 år)
Sohl
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1972

Aktiv endre

Wosipiwo byrja som hoppar med Harry Glaß som trenar. Han oppnådde i 1972 sine fyrste internasjonale topplasseringar i den tysk-austerrikske hoppveka, då han vart nummer seks i Innsbruck og enda på fjerdeplassen i samanlagt i hoppveka.

Wosipiwo oppnådde ofte gode resultat i skiflyging. Under VM i skiflyging 1972 i Planica i mars månad tok han sølvmedaljen, gullmedaljen gjekk til Walter Steiner, medan Jiří Raška fekk bronse. 9. mars 1973 sette Wosipiwo ny verdsrekord i skiflyging med 169 meter i Heini-Klopfer-bakken i Oberstdorf. To år seinare, i 1975, vart han nummer seks i VM i skiflyging i Bad Mitterndorf.

Romjula 1973 vart Wosipiwo nummer to i opningsrennet i den tysk-austerrikske hoppveka, men var over tjue poeng bakom landsmannen Hans-Georg Aschenbach. Sju veker seinare fekk Wosipwo sølvmedaljen i normalbakkerennet under VM 1974 i Falun, landsmannen Hans-Georg Aschenbach var nok ein gong hans overmann.

Wosipiwo la bort hoppskia i 1975.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre