Harry Glaß (11. oktober 193014. desember 1997) var ein tysk skihoppar frå Klingenthal, som representerte Aust-Tyskland. Han vann bronsemedaljen i det spesielle hopprennet under vinter-OL i 1956, var då den fyrste frå DDR-staten som vann ein olympisk medalje.

Harry Glaß


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 11. oktober 1930
Klingenthal
Død

13. desember 1997 (67 år)
Rodewisch

Idrett skihopping
Tok del i

Skihopping under Vinter-OL 1956

Utmerkingar

Banner der Arbeit, Fedrelandets fortjenstorden i bronse

Aktiv endre

Glaß byrja med skihopping vinteren 1952, året etter fekk han plass på det austtyske hopplaget. Han deltok ski-VM 1954 i Falun og vart nummer 64 av 69 deltakarar. Etter verdsmeisterskapen la han om til den såkalla finnestilen, ein aerodynamisk hoppstil som dei finske skihopparane hadde stor suksess med frå vinteren 1954 av.

Vinteren 1956 deltok Glaß i dei tre fyrste renna i den tysk-austerrikske hoppveka og vart nummer tre i Oberstdorf og Garmisch-Partenkirchen, samt nest best i Innsbruck, eit halvt poeng etter Koba Tsakadze frå Sovjetunionen. Under vinter-OL i Cortina d'Ampezzo fekk han bronsen i hopprennet, berre overgått av dei to finnane Antti Hyvärinen og Aulis Kallakorpi.

I 1957 vart Glaß nummer fem i den tysk-austerrikske hoppveka, hans beste samanlagtplassering, medan han i 1958 vart nummer to i avslutningsrennet for den same hoppveka, bakom landsmannen Helmut Recknagel. Under verdsmeisterskapen i Lahti i 1958 hamna han på fjerdeplassen, plassen føre beste nordmann, Asbjørn Osnes.

Glaß vart austtysk meister i skihopping i 1954, 1955, 1956 og 1958. I 1960 deltok han i den tysk-austerrikske hoppveka, eit fall i rennet i Bergiselbakken førte til han gjekk langvarig skadd. Året etter gjorde han eit mislukka comeback.

Glaß, som ikkje var i slekt med skihopparen Henry Glaß, var invalid frå 1988 til han døydde ni år seinare i Rodewisch.

Kjelder endre