Helena Dam á Neystabø

Helena Dam á Neystabø (fødd 10. desember 1955) er ein færøysk sosialdemokratisk politikar som representerer partiet Javnaðarflokkurin. Ho har vore innvald på Lagtinget i periodane 1990–2002, 2008–2011 og 2015–2019, vore minister i tre regjeringar, og vore medlem av kommunestyret i Tórshavn.

Helena Dam á Neystabø

Foto: Magnus Fröderberg/norden.org
Fødd10. desember 1955 (69 år)
København
Statsborgar avKongeriket Danmark
PartiJavnaðarflokkurin, Sjálvstýrisflokkurin
Yrkepolitikar, skuleleiar, forleggjar, lærar
Utdanna vedKøbenhavns Universitet
FarAtli Dam
BarnDánjal á Neystabø
VervKulturminister på Færøyane 26. september 2008–14. november 2011
FøregangarÓluva Klettskarð
EtterfylgjarBjørn Kalsø
VervJustisminister på Færøyane 4. februar 2008–26. september 2008
FøregangarHeðin Zachariasen
EtterfylgjarAnnika Olsen
VervSosial- og helseminister på Færøyane 15. mai 1998–26. februar 2001
FøregangarAxel Nolsøe
EtterfylgjarSámal Petur í Grund
Alle verv
  • medlem av Færøyenes lagting Sjå dette på Wikidata

Familie og yrkesliv

endre

Dam á Neystabø er fødd og vaks opp i København som dotter av seminarlæraren Ása Hátún og Atli Dam, ein sosialdemokratiske regjeringssjef på Færøyane. Farfaren Peter Mohr Dam var også regjeringssjef. Foreldra skilde seg då dottera var ni år, og ho flytta til Færøyane med mora som 13-åring. Helena gifta seg med direktør Kristian á Neystabø frå Haldórsvík i 1981.[1]

Dam á Neystabø er cand.mag. i tysk og dansk språk og litteratur frå Københavns Universitet frå 1983 i tillegg til Master of Public Administration. Etter fullført utdanning har ho budd på Færøyane, der ho fyrst var gymnaslærar på Eysturoy og sidan fullmektig i undervisingsdirektoratet med ansvar for yrkesopplæringa. Frå 1988 var ho konsulent ved det færøyske skulebokforlaget, frå 1990 dagleg leiar.[1] I 2012 blei ho rektor ved Føroya Handilsskúli.[2][3]

Politisk arbeid

endre

Dam á Neystabø har sjølv uttalt at årsaka hennar til at ho stilte til val ved lagtingsvalet 1990 var det store overforbruket og oversubsidieringa av næringslivet i 1980-åra, som ho innsåg ville føre til ei økonomisk krise. Ho blei parlamentarisk leiar i mai 1993. Ho var medlem av marknadskomitéen til Lagtinget 1993–1994 i tillegg til formann i Justiskomiteen i same periode. Ho blei vald til formann i Sjálvstýrisflokkurin og attvald til Lagtinget i 1994, og var formann i Marknadskomiteen fram til 1995, då ho blei formann i Utanrikskomiteen ut perioden. Etter lagtingsvalet 1998 blei ho sosial- og helseminister i den fyrste regjeringa til Anfinn Kallsberg, og blei dimed den fyrste kvinnelege ministeren til Sjálvstýrisflokkurin. Sámal Petur í Grund fungerte som parlamentarisk leiar, mens Jákup Sverri Kass møtte på Lagtinget som varamedlem, i fråveret av Dam á Neystabø.

I november 2001 blei Sámal Petur í Grund fremja som motkandidat til leiarvervet på landsmøtet til Sjálvstýrisflokkurin. Striden hadde botn i dei skarpe personlegdomskontrastane dei i mellom, og enda med at Sámal Petur í Grund blei vald. Han blei sitjande i berre to veker, då han trekte seg, og nestformann og olje- og miljøminister Eyðun Elttør tok over. Kári P. Højgaard blei parlamentarisk leiar. Same månad trekte Dam á Neystabø seg ut frå regjeringen og lagtingsgruppa til Sjálvstýrisflokkurin, og fungerte som uavhengig representant fram til februar 2002, då ho melde seg inn i Javnaðarflokkurin. Ved lagtingsvalet 2002 stilte ho ikkje som kandidat.

Ved lagtingsvalet den 4. februar 2008 blei Dam á Neystabø vald inn for Javnaðarflokkurin. Same dag blei den andre regjeringa til Jóannes Eidesgaard utnemnd, der Dam á Neystabø blei justisminister. Regjeringssamarbeidet sprakk allereie i september same år, og frå 26. september 2008 til 14. november 2011 var Dam á Neystabø kulturminister i den fyrste regjeringa til Kaj Leo Johannesen. Kulturdepartementet har ansvar for saker relaterte til skule, forsking, kyrkje, idrett og andre fritidsaktivitetar, og ein periode i 2011 hadde ho også ansvaret for kommunalsaker i Innanriksdepartementet. Eyðgunn Samuelsen møtte på Lagtinget.

Frå 2017 til 2019 var Dam á Neystabø leiar for lagtingsgruppa til Javnaðarflokkurin, mens partiet hadde regjeringsmakt.[4]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Jacobsen, Randi (2003). «Helena Dam á Neystabø (1955–)». Dansk Kvindebiografisk Leksikon (på dansk). Henta 28. juli 2016. 
  2. Johannesen, Johnsigurd (27. mars 2012). «Helena nýggjur stjóri á Føroya Handilsskúla» (på færøysk). Kringvarp Føroya. Henta 28. juli 2016. 
  3. Patursson, Steinar (13. oktober 2015). «Steinbjørn Hardlei fyribilsstjóri á Handilsskúlanum» (på færøysk). portal.fo. Arkivert frå originalen 14. september 2016. Henta 28. juli 2016. 
  4. Brend, Sigrún H. (7. september 2017). «Javnaðarflokkurin nýggja forkvinnu fyri tingbólkin» (på færøysk). Kringvarp Føroya. Henta 19. mai 2020. 

Bakgrunnsstoff

endre