Helgåga er ei elv i Rana kommune som munnar ut i fjordarmen Nordsjona inst i fjorden Sjona. Namnet har uvisst opphav, men mange tolkar det som ei avleiing frå heilag.

Geografi endre

Vassdraget har fleire store innsjøar. Dei største, Helgåvatnet og Gråvatnet er begge typiske fjordsjøar. Høgtuvbreen i nordaust tilfører sediment til vassdraget. Dette har ført til biologisk og geologisk interessante fenomen som ein dalsandur i dalen oppfor Øvre Helgåvatn og eit delta ved utløpet i Helgåvatnet av elva frå Øvre Helgåvatn.

Vern endre

Vassdraget er verna i Verneplan IV for vassdrag.[1] Ved vernet vart det lagt vekt på vassdraget sin type- og referansevassdrag og på dei store kulturfaglege verdiane, kulturminna og friluftsliv. I området til vassdraget er òg Kvannlia-Sølvjodalen naturreservat verna. Nedbørfeltet, på 98 km², er svært lite påverka av menneskeleg verksemd med berre spreidd busetnad i nedre del, samt om lag 10 fritidshytter ved Litlevatnet, Gråvatnet, Helgåvatnet og Øvre Helgåvatn. I tillegg har Helgelandskraft ei hytte til bruk som base ved arbeid med kraftlinja som går gjennom dalen ved Stortjønna lengst nord i vassdraget, heilt ved vasskiljet og grensa mot Gjervalvassdraget i Rødøy kommune.

Busetnad og næring endre

Der elva renn ut i sjøen ligg tre småbruk, øvre og nedre Helgå og Langstrand. På Langstrand vart vatn frå elva på 1920-talet brukt i hermetikkproduksjon.

På 1980-talet var det planar for etablering av eit landbasert fiskeoppdrettsanlegg ved elva, men desse vart skrinlagde etter krakket i oppdrettsnæringa.

Utbyggingsplanar endre

I 2007 sendte Helgeland Småkraft AS ein søknad til NVE om konsesjon til å bygge eit vasskraftverk på 1 MW i Helgåga, med ein årleg produksjon av 5,7 GWh.[2] Konsesjonssøknaden har møtt motbør på grunn av vassdraget sin verdi som referansevassdrag, men politisk behandling gav eit positivt vedtak frå Miljø-, plan og ressursutvalet (MPR) i Rana kommune den 15. august 2007.[3] Søknaden skal no handsamast av Nordland fylke før NVE fatter endeleg vedtak.

Kjelder endre

  1. St.prp. nr. 118 (1991-92): Verneplan IV for vassdrag
  2. Søknad om utbygging av kraftverk (Sakstype C-41), Registreringsnr 4955, Saksnr 200702621, Vassdragnr 157.4Z HELGÅGA
  3. Rana Blad: Vil bygge ut vernet vassdrag, 4. september 2007

Bakgrunnsstoff endre