Helga Gitmark

norsk politikar

Helga Gitmark (30. september 19292. august 2008), fødd i Holt i Aust-Agder var ein norsk politikar for Senterpartiet.

Helga Gitmark
Fødd30. september 1929
Holt
Død2. august 2008 (78 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar

RegjeringEndra

Helga Gitmark var statsråd og sjef for Miljøverndepartementet (miljøvernminister) frå 5. mars til 16. oktober 1973 i Lars Korvald si regjering. Ho vart med dette Noregs og verdas første kvinnelege miljøvernminister. Ho blei som statsråd mest kjend for å ha stansa høghusplanane i Karl Johans gate i Oslo.

Andre vervEndra

Helga Gitmark var nestleiar i Senterpartiet frå 1973 til 1979 og vararepresentant til Stortinget i perioden 1977-1981.

Gitmark var medlem av og leiar i bispedømmerådet i Agder i eit par tiår og medlem av Kyrkjerådet og Kringkastingsrådet.

Ho sat også i styret for Folkeaksjonen mot selvbestemt abort og var aktiv i lokalpolitikken i heimkomma Lillesand, der ho sat i kommunestyret i periodane 1971–1975 og 1991–1995.

I 1991 fekk ho Kongens fortenestmedalje i gull.

KjelderEndra