Opna hovudmenyen

Helge Solum Larsen

norsk politikar

Helge Solum Larsen (14. januar 196918. desember 2015)[1] frå Stavanger var ein norsk politikar (Venstre). Han sartt i bystyret i Stavanger frå 1991. Frå 1994 til 1997 var han leiar for Unge Venstre. I stortingsperioden 2005 til 2009 var han første vararepresentant til Stortinget frå Rogaland. Han har òg vore varamedlem i styret i Nei til EU. Frå 2004 var han med i landsstyret i Venstre, og i 2010 vart han utnemnt til nestleiar i partiet. I kommunevalet 2011 stod han som Venstre sin fylkesordførarkandidat i Rogaland.

Helge Solum Larsen
Helge Solum Larsen.JPG
Fødd 14. januar 1969

Stavanger kommune

Død 18. desember 2015
Parti Venstre
1. verv Fylkestingsmedlem i Rogaland
 - periode 2011–2015
2. verv Bystyremedlem i Stavanger
 - periode 1991–2015
3. verv 1. nestleiar i Venstre
 - periode 2010–2012
4. verv Leiar i Rogaland Venstre
 - periode 1994–1997
 - etterfylgjar Iselin Nybø
5. verv Leiar av Unge Venstre
 - periode 1994–1997

Etter valet blei han leiar av Kommunalstyret for byutvikling i Stavanger og fylkesutvalgsmedlem i Rogaland. Den 7. februar 2012 trekte Helge Solum Larsen seg som nestleiar av Venstre, men fullførte perioden som folkevald til det nye fylkestinget og bystyret kom på plass hausten 2015.[2] Bakgrunnen var ei valdteksanklage som førte til sikting og seinare henlegging.[3][4][5][6]

Solum Larsen døydde plutseleg den 18. desember 2015, etter ei hjernebløding.[7]

KjelderEndra

  1. «Helge Solum Larsen er død». ABC Nyheter. 19. desember 2015. Henta 19. desember 2015. 
  2. «Trekker seg fra alle verv». Dagsavisen. Henta 9. november 2013. 
  3. Aftenposten, 07.02.12: Venstre-topp anmeldt for voldtekt
  4. «Venstres nestleder voldtektssiktet». VG Nett. Henta 9. november 2013. 
  5. Henleggelse Solum Larsen.
  6. «Saken mot Solum Larsen henlegges». NRK Rogaland. Henta 9. november 2013. 
  7. Eriksen, Nicolai (19. desember 2015). «Helge Solum Larsen er død». Dagbladet. Henta 31. oktober 2016.