Hellhound on My Trail
Hell Hound on My Trail Singel av Robert Johnson | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | September 1937 | |
Innspelt | Dallas, 20. juni 1937 | |
Sjanger | Blues | |
Lengd | 2:35 | |
Selskap | Vocalion (3623) | |
Komponist | Robert Johnson | |
Tekstforfattar | Robert Johnson | |
Låtskrivar(ar) | Robert Johnson | |
Robert Johnson-kronologi | ||
«Walkin' Blues»/ «Sweet Home Chicago» (1937) |
Hell Hound on My Trail | «Malted Milk»/ «Milkcow's Calf Blues» (1937)
|
«Hellhound on My Trail» (opphavleg «Hell Hound on My Trail») er ein bluessong spelt inn av Robert Johnson i 1937. Det var den førte songen som vart spelt inn under den siste innspelinga til Johnson i Dallas, sundag 20. juni 1937, og den første singelen som kom ut frå denne innspelinga.[1] Han var inspirert av tidlege bluessongar,[2] og vert rekna for å vere «den mest kjende og best likte songen til Johnson».[1]
Bakgrunn
endreI følgje segna selde Johnson sjela si til djevelen ved eit vegkryss til gjengjeld for det musikalske talentet sitt.[3] Denne songen har medverka til mystikken kring Johnson som ein mann som er i grepet på det vonde, og avtalen hans med djevelen har blitt ein del av popkulturen.[4]
Før songen til Johnson, hadde uttrykket «hellhound on my trail» blitt nytta i fleire bluessongar.[2] Sylvester Weaver sin «Devil Blues», spelt inn i 1927, har linja «Hellhounds start to chase me man, I was a running fool, My ankles caught on fire, couldn't keep my puppies cool»[5] og «Funny Paper» Smith song i sin «Howling Wolf Blues No. 3» frå 1931: «I take time when I'm prowlin', an' wipe my track out with my tail ... Get home and get blue an' start howlin', an' the hellhound on my trail».[6] Biddleville Quintette si religiøse innspelinga frå 1926, «Show Pity Lord» opnar med «The hell hound has turned back off my trail».[7]
I følgje bluesforskarar, følgde Johnson bluesartistane Johnny Temple (1935 «The Evil Devil Blues»[8]) og Joe McCoy (1934 «Evil Devil Woman Blues»[9]) med å tilpasse Skip James sin «Devil Got My Woman» frå 1931.[2][10][11][12][13] Den kjenslemessige intensiteten, gitarstemminga og den anstrengde synginga på «Hell Hound on My Trail» finn ein òg i versjonen til James.[11] I 1980-åra fann ein ei anna James-innspeling kalla «Yola My Blues Away» (1931)[14] som hadde likskapar til «Devil Got My Woman», der melodien til «Hellhound» ligg nærare «Yola» enn «Devil».[15]
Komposisjon og tekst
endre«Hell Hound on My Trail» er framført solo av Johnson på vokal og slidegitar. Han nyttar ein open e-moll-stemming på gitaren, der dei mørke strengane gjev ein eintonig akkompagnement, medan «flaskehalsen får dei lyse strengane til å stønne som vind gjennom daude tre».[16]
Tekstmessig handlar songen om «det kjende bluestemaet om ein omvandrande musikar, men no har reisa mørkare tonar, den reisande er forfølgd».[1] I følgje musikkhistorikaren Samuel Charters er det første og siste verset i songen dei finaste i heile blueshistoria.[17] Han skildrar det poetiske biletet som glimrande og intens med ei kjensle av personleg raseri.[18] Teksten handlar om ei forpint sjel som ikkje kjem seg nokon veg.[19] Synet om helveteshundar som kjem for å fange syndarar var vanleg hos kyrkjegjengarar i Sørstatane på denne tida.[17]
Ettermæle
endreI 1983 vart Robert Johnson sin «Hell Hound on My Trail» innlemma i Blues Foundation Hall of Fame i kategorien «Classic of Blues Recording».[13] Songen er oppført på lista til NPR over dei 100 viktigaste amerikanske musikkverka på 1900-talet.[3] På Eric Clapton si hyllest til Johnson, Me and Mr. Johnson, spelar han ein versjon av «Hellhound on My Trail». Ei soloutgåve frå 1968 av Jeremy Spencer på vokal og piano finst på Fleetwood Mac, debutalbumet til Peter Green-versjonen av Fleetwood Mac.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hellhound on My Trail» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mai 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Gioia, Ted (2008). Delta Blues. W. W. Norton. s. 181–182. ISBN 978-0-393-33750-1.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Pearson, Barry Lee; McCulloch, Bill (2003). Robert Johnson: Lost and Found. University of Illinois Press. s. 82. ISBN 978-0-252-02835-9.
- ↑ 3,0 3,1 Breslow, Peter (5. juni 2000). «Hellhound on My Trail». NPR Music. NPR. Henta 2. mai 2015.
- ↑ «Robert Johnson». University of Mississippi. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 2. mai 2015.
- ↑ Okeh Records OK 8534
- ↑ Vocalion Records Vo 1614
- ↑ Paramount Records Pm 12424
- ↑ Vocalion Records Vo 02987
- ↑ Decca Records De7822
- ↑ Paramount Records Pm 13088
- ↑ 11,0 11,1 Wald, Elijah (2004). Escaping the Delta: Robert Johnson and the Invention of the Blues. Harper. s. 171. ISBN 978-0-06-052427-2.
- ↑ Calt, Stephen (1994). I'd Rather be the Devil: Skip James and the Blues. New York: Da Capa. s. 194. ISBN 0-306-80579-0.
- ↑ 13,0 13,1 «Classic of Blues Recording — Singlar or Album Tracks». Blues Hall of Fame — 1983 Inductees. The Blues Foundation. 1983. Arkivert frå originalen 23. september 2015. Henta 2. mai 2015.
- ↑ Paramount Records PM 133072
- ↑ Komara, Edward (2007). The Road to Robert Johnson. Milwaukee: Hal Leonard. s. 29. ISBN 0-634-00907-9.
- ↑ Murray, Charles Shaar (1989). Crosstown Traffic. St. Martin's Press. s. 115. ISBN 0-312-06324-5.
- ↑ 17,0 17,1 Charters, Samuel (1973). Robert Johnson. New York: Oak Publications. s. 15–17, 69. ISBN 0-8256-0059-6.
- ↑ Shaw, Arnold (1978). Honkers and Shouters. New York: Macmillan. s. 38–39. ISBN 0-02-061740-2.
- ↑ Oliver, Paul (1990). Blues Fell This Morning (2nd Ed utg.). Cambridge: Cambridge University Press. s. 285–287. ISBN 0-521-37793-5.