Robert Johnson
Robert Leroy Johnson (8. mai 1911–16. august 1938) var ein USA-amerikansk bluesmusikar frå Mississippi. Innspelingane hans frå 1936 og 1937, som står som milepålar i musikkhistoria, syner ein kombinasjon av synging, gitardugleik og talent for låtskriving som har påverka seinare generasjonar av musikarar. Det skuggelagte og dårleg dokumenterte livet til Johnson, som døydde berre 27 år gammal, har gjeve liv til legendestatusen hans. Ei Faust-aktig segn skal ha det til at han selde sjela si til djevelen ved eit lokalt vegkryss i Mississippi for å få suksess. Som ein omreisande artist som hovudsakleg spelte på gatehjørne, på juke joints og til dans på laurdagskveldar, fekk Johnson lite kommersiell suksess eller offentleg respekt medan han levde.
Robert Johnson | |||
| |||
Fødd | 8. mai 1911 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hazlehurst i Mississippi i USA | ||
Død | 16. august 1938 (27 år) | ||
Dødsstad | Greenwood i Mississippi i USA | ||
Fødenamn | Robert Leroy Johnson | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1929–1938 | ||
Sjanger | Deltablues, blues, countryblues | ||
Instrument | Gitar, vokal, munnspel | ||
Plateselskap | Columbia Records | ||
Verka som | gitarist, blues singer, songar-låtskrivar, gateartist | ||
Prisar | Grammy Lifetime Achievement Award, Rock and Roll Hall of Fame |
Etter at innspelingane hans kom ut på ny i 1961 på LP-plata King of the Delta Blues Singers, nådde musikken hans ut til eit større publikum. Johnson vert i dag rekna som ein meister innan blues, særleg Mississippi Delta blues-stilen. Han er omtalt av mange rockemusikarar som ei viktig inspirasjonskjlde. Blues- og rockemusikaren Eric Clapton har kalla Johnson «den viktigaste bluessongaren som nokon gong har levd.»[1][2]
Johnson vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame under den første seremonien i 1986, som ei tidleg inspirasjonskjelde for rock and roll.[3] I 2003 vart Johnson rangert på femteplassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene.[4]
Diskografi
endreDet vart gjeve ut elleve 78-plater av Johnson på Vocalion Records medan han levde. Ei tolvte plate kom ut etter han var død.[5]
The Complete Recordings kom ut 28. august 1990 og inneheld nesten alt Johnson spelte inn, 29 innspelingar i alt og 12 alterantive opptak.[6]
For å feire 100-årsdagen til Johnson gav Sony Legacy den 8. mai 2011 ut Robert Johnson: The Centennial Collection, med alle dei 42 innspelingane hans[7] og to korte fragment.[7]
Rock and Roll Hall of Fame
endreRock and Roll Hall of Fame tok med fire songar av Johnson på lista ssi over «500 songar som forma rock and roll».[8]
Innspelingsår | Tittel |
---|---|
1936 | «Sweet Home Chicago» |
1936 | «Cross Road Blues» |
1937 | «Hellhound on My Trail» |
1937 | «Love in Vain» |
Hyllestalbum
endreBlant hyllestalbuma til Robert Johnson finn ein:
År | Artist | Album |
---|---|---|
1998 | Peter Green Splinter Group | The Robert Johnson Songbook |
2000 | Peter Green Splinter Group | Hot Foot Powder |
2001 | Peter Green Splinter Group | Me and the Devil |
2003 | John Hammond | At the Crossroads |
2004 | Eric Clapton | Me and Mr. Johnson (CD) og Sessions for Robert J (DVD+CD) |
2006 | Rory Block | The Lady and Mr Johnson (2007) |
2006 | Thunder | Robert Johnson's Tombstone |
2010 | Todd Rundgren | Todd Rundgren's Johnson |
2011 | Big Head Blues Club | 100 Years of Robert Johnson |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Robert Johnson» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juni 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Komara, Edward (2007). The Road to Robert Johnson: The Genesis and Evolution of Blues in the Delta from the Late 1800s Through 1938. Hal Leonard. ISBN 0-634-00907-9
- ↑ «The 50 Albums That Changed Music». The Observer. 16. juli 2006. Henta 11. juni 2018.
- ↑ LaVere, Stephen (1990). Booklet accompanying Complete Recordings. Sony Music Entertainment. s. 26.
- ↑ «Robert Johnson Inducted at the 1986 Induction Ceremony». Rock and Roll Hall of Fame and Museum.
- ↑ «100 Greatest Guitarists». Rolling Stone. 10. desember 2010. Henta 11. juni 2018.[daud lenkje]
- ↑ Komara 2007, s. 63–68.
- ↑ Awards List for Robert Johnson. The Awards Insider. Los Angeles Times. Henta 15. august 2010.
- ↑ 7,0 7,1 LaVere, Stephen C. (2011). Liner notes for Robert Johnson: The Centennial Collection. Legacy Recordings. pp. 20–21.
- ↑ «500 Songs That Shaped Rock and Roll G-J». The Rock and Roll Hall of Fame and Museum. Arkivert frå originalen 22. august 2008.
Bakgrunnsstoff
endre- Robert Johnson i Encyclopædia Britannica.
- Robert Johnson dødsattest Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.. State of Mississippi.
- Robert Johnson på Find a Grave