Hemel Hempstead er ein by i Hertfordshire i England. Han er administrasjonssenter for distriktet Dacorum. Det har lege ei busetjing på staden sidan 700-talet, men det var først etter andre verdskrig at han utvikla seg til dagens storleik. Dette skjedde som følgje av planlagt utbygging av ein ny by for å avlaste London.

Hemel Hempstead

Flyfoto av Hemel Hempstead
Flyfoto av Hemel Hempstead
Flyfoto av Hemel Hempstead
Plassering
Hemel Hempstead is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Hertfordshire
Distrikt Dacorum
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2008)

86 758
Koordinatar 51°45′N 0°28′W / 51.750°N 0.467°W / 51.750; -0.467
Diverse annan informasjon
Postnummer HP1, HP2, HP3
Telefon-retningsnummer 01442
Commons har multimedium som gjeld: Hemel Hempstead

Historie endre

I Domesday Book (1086) blir staden kalla Hamelamesede. Dette namnet utvikla seg til Hamelhamsted, og så vidare til dagens namn. Hemel kjem truleg frå Haemele, eit namn på distriktet på 700-talet, medan Hempstead ser ut til å kome frå hamstede, som tyder «heimstad».

Soknekyrkja vigde til Jomfru Maria vart bygd i 1140, og blir rekna som ei av dei flottaste normanniske kyrkjene i landet. Ho har eit av dei høgaste spira i Europa, som vart lagt til seinare på 1100-talet.

I tudortida fekk staden innvilga eit bycharter av Henrik VIII. Han skal sjølv ha vitja byen saman med Anne Boleyn. Nokre spesielt fine veggmåleri frå perioden vart funne i nokre hus i Piccotts End i 1970-åra.

I viktoriansk tid vart byen ein valkrets (borough). Han voks jamt fram til slutten av andre verdskrigen, då mange londonbuarar som hadde mista heimane sine i blitzen slo seg ned der. Den gamle delen av byen, kjent som Old Town, ligg i sentrum, med område som vart utvikla frå 1950 og utover på alle sider. Ved folketeljinga i 2001 var Hemel Hempstead det tettast folkesette området i Hertfordshire.

Buncefield-eksplosjonen endre

Klokka 6 om morgonen den 11. desember 2005 inntrefte ein stor eksplosjon på eit drivstoffdepot i Buncefield rett utanfor byen, ved kryss 8 på motorvegen M1. Alt tyder på at det dreidde seg om ei ulykke. Eit førtitalls menneske vart skadd, medan bygningar opptil halvannan kilometer unna fekk skadar. Smellet frå eksplosjonen skal ha vore høyrbart i Nederland, ein kjende ristningar i Oxfordshire og røykskya nådde London.

Det var ein periode frykt for at det dreidde seg om eit terrorangrep, og at det kunne inntreffe fleire eksplosjonar i England. Det oppstod rykte om at depotet hadde vorte treft av eit fly, men dette viste seg raskt å ikkje vere tilfelle. Politiet konkluderte tidleg med at det såg ut til å vere ei ulykke.

Brannane som braut ut vart endeleg sløkte 13. desember. Omkring 2000 menneske som budde i nærleiken vart evakuerte, og i eit større område fekk ein melding om å halde vindauge lukka og halde seg innandørs av frykt for røyken. Røykskya låg over store område, og var synleg i Frankrike.

Depotet var det femte største i Storbritannia, og forsyner blant anna London Luton Airport og London Heathrow Airport med flydrivstoff.

Kjelder endre