Hemnværing

Dialekt i Hemne og delvis Snillfjord

Hemnværing (lokal uttale ["hæm:ˌvær.eŋ] el. ["hæmnˌvær.eŋ]), òg kalla hemnemål og hemnedialekt, er den tradisjonelle dialekten i Hemne og delvis Snillfjord kommunar i Trøndelag fylke. Hemnværing blir klassifisert som ein underdialekt av nordmøring, som i sin tur er ei undergruppe av dei uttrøndske dialektane av trøndermål.

Fonologi (lydlære) Endra

Som i dei fleste andre nordmørsmåla er tendensen i hemnværing at konsonanten i jamvektsord blir lengd (komma, vekko). Diftongane ei, øy og au er stort sett bevarte, anna enn vestanfor Vinjeøra, der ein kan ha monoftongisering av ei til ε og øy til ʌ i stavingsinnlyd. Vokalen ʌ er mykje bruka i ord som dʌr (‘dør’), stʌ’r (‘større’) i eldre mål. Yngre mål har gjerne overgang til æ eller, vanlegast, ø i desse orda.

Morfologi (ordlære) Endra

Substantiv Endra

Hemnemålet skil mellom sterke og svake hokjønnsord. Sterke hokjønnsord har normalt endinga -a i bunden form eintal nominativ og akkusativ (rota), og svake hokjønnsord har normalt endinga -o (bøtto).

Adjektiv Endra

Adjektiv av typen roleg har endinga -li i hemnværing. Dette er i samsvar med smølværing. aurgjelding og kristiansunder innanfor andre nordmørsmål og stemmer elles med dialektane lenger nord og aust.

Syntaks (setningslære) Endra

Kasus Endra

Hemnværing har tradisjonelt dativ av personlege pronomen og i bunden form av substantiv.

Bibliografi Endra

  • P.A. Sivertsen: Maalet i Hemna. Oslo (Student-maallaget), 1906. nettutgåve