Henning Martinius Olsen (28. januar 18327. april 1881) var ein norsk fiskar, gardbrukar og stortingsmann frå Ibestad i Troms. Ole Hansson Skog var far hans.

Henning Olsen
Fødd28. januar 1832
Død7. april 1881 (49 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Olsen var 1856-57 roar for tollaren i Vadsø distrikt. Han dreiv fiske på Finnmarka og i Lofoten som høvedsmann og var gardbrukar på farsgarden. Frå 1863 til han døydde var han medlem av heradsstyret i Ibestad, ei tid som varaordførar. Elles forlikskommissær i mange år. Frå 1871 var han styreformann i den lokale sparebanken.

Han var 2. representant for Tromsø amtStortinget 1880-82, der han var medlem av næringskomite nr 1. Olsen døydde i Christiania våren 1881, midt under stortingsopphaldet.

KjeldeEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914