Henning Stensrud (fødd 20. august 1977) er ein norsk tidlegare skihoppar frå Lørenskog. Han vann tre bronsemedaljar i noregsmeisterskap, og vart nummer fire under verdsmeisterskapen 1998 i skiflyging.

Henning Stensrud


Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. august 1977 (46 år)
Lørenskog
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1998

Karriere endre

Stensrud debuterte i verdscupen i desember 1996, og var med i den norske OL-troppen i 1998. Han var då med på laget som vart nummer fire i laghoppinga, dei andre var Lasse Ottesen, Roar Ljøkelsøy og Kristian Brenden. Hans beste resultat i verdscupen er to fjerdeplassar, i Engelberg og i verdsmeisterskapen i skiflyging i Oberstdorf, begge renna i sesongen 1997/98. Medaljane i skiflygings-VM gjekk til verdsmeisteren Kazuyoshi Funaki, Sven Hannawald (sølv) og Dieter Thoma (bronse). Også i 2000 og 2006 deltok Stensrud i skiflygings-VM, då med liten suksess.

Stensrud kom på bronseplass i NM 1998 i stor bakke, og i normal bakke i 2003 og 2004. I alle dei tre nemnde meisterskapa var han sjanselaus på å vinne NM-tittelen. Han var beste nordmann då han i 2001-sesongen kom han på åttandeplass i normalbakkerennet i VM i Lahti.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • 1998: Nr 4 i VM i skiflyging i Oberstdorf, og nr 23 i normalbakken i OL i Nagano
  • 2000: Nr 20 i VM i skiflyging i Vikersund
  • 2001: Nr 8 i storbakken i VM i Lahti
  • 2006: Nr 17 i VM i skiflyging i Kulm

Besteplasseringar i verdscuprenn endre

  • 1997: Nr 7 i Planica (skiflyging)
  • 1997/98: Nr 4 i Engelberg og Oberstdorf (skiflygings-VM)
  • 1998/99: Nr 16 i Harrachov og Planica
  • 2000: Nr 16 i Willingen
  • 2001: Nr 5 i Trondheim
  • 2002: Nr 48 i Trondheim
  • 2003: Nr 10 i Willingen
  • 2004: Nr 9 i Hakuba og Oslo
  • 2005: Nr 12 i Lahti
  • 2006: Nr 8 i Sapporo
  • 2007: Nr 10 i Klingenthal
  • 2008: Nr 15 i Planica (skiflyging)

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

  • Ski-NM 1997: Nr 4 i storbakken på Lillehammer
  • Ski-NM 1998: Bronsemedalje i storbakken i Meldal
  • Ski-NM 1999: Nr 10 i normalbakken på Raufoss
  • 2003: Bronsemedalje i normalbakken på Lillehammer
  • 2004: Bronsemedalje i normalbakken på Bardufoss – delt med Anders Bardal
  • 2005: Nr 6 i storbakken på Lillehammer
  • 2006: Nr 7 i normalbakken i Heddal
  • 2007: Nr 4 i normalbakken i Molde
  • 2008: Nr 5 i både normalbakken og i storbakken, begge renna i Trondheim

Stensrud la opp som aktiv skihoppar i 2008. Seinare har han vore med i trenarteamet til det norske hopplandslaget.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre