Henriette Gertrude Walpurgis Sontag (3. januar 180617. juni 1854) var ein tysk operasongar (sopran).

Henriette Sontag

Fødd3. januar 1806
FødestadKoblenz
Død17. juni 1854 (48 år)
DødsstadMexico by
FødenamnHenriette Gertrude Walpurgis Sontag
OpphavKongedømet Preussen
Sjangerklassisk musikk
Instrumentvokal
StemmetypeKoloratursopran
Verka somvokalist, operasongar, songar
Gift medCount Carlo di Rossi
BornHenrietta Rossi, Alexander Rossi, Camillo Rossi, Marie Rossi, George Rossi, Luigi Rossi, Alexandrine Esterházy-Rossi

Karriere endre

Henriette Sontag var dotter av eit framståande skodespelarpar, og opptredde allereie som barn på scenen. Som elleveåring blei ho elev ved konservatoriet i Praha, og song frå 1822 på dei tyske og italienske operaene i Wien, der ho mellom anna song Carl Maria von Weber sin Euryanthe. Ho hadde likevel dei fyrste større triumfane sine i Leipzig, der ho i 1825 opptredde blant anna som Agatha i Jegerbruden av Weber, og deretter same året blei tilsett ved Königsstädtisches Theater i Berlin. I 1826 hadde ho suksess i Paris som Rosina i Barberen i Sevilla, der ho blei sagt å ha overglansa Angelica Catalani som koloratursongar. I 1827 gjekk ho over til den italienske operaen i Paris.

Henriette Sontag blei hylla overalt med lovord, og gasjane hennar var uvanleg høge. Ho forlet likevel teateret i 1830, etter at ho i 1828 hadde gifta seg med ein sardinsk diplomat, grev Carlo Rossi. Føre dette var ho blitt adla av kongen av Preussen under namnet von Lauenstein. Ho følgde no mannen sin på oppdraga hans i Haag, Frankfurt og Sankt Petersburg, og lét seg berre av og til høyra som konsertsongar. Ekteskapet med Rossi var lykkeleg, men i 1849 gjorde økonomiske grunnar at ho måtte gå tilbake til å syngja for publikum. Etter store suksessar i Tyskland, Paris og London drog ho i 1852 til Amerika. I 1854 blei ho tilsett ved den italienske operaen i Mexico, men døydde kort tid seinare av kolera.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre