Carl Maria von Weber

tysk komponist

Carl Maria Friedrich Ernst, Freiherr von Weber (fødd 18. november 1786 i Eutin, død 5. juni 1826 i London) var ein tysk komponist, dirigent, pianist og kritikar, ein av dei fyrste betydningsfulle romantiske komponistane.

Carl Maria von Weber

Fødd18. desember 1786
FødestadEutin, Lübeck
Død5. juni 1826 (39 år)
DødsstadLondon
OpphavLübeck bispedømme
Aktiv1799–1826
Sjangerklassisk musikk, opera
Instrumentgitar, piano
Verka somkomponist, dirigent, pianist, gitarist, klassisk gitarist, musikkritikar
MorGenovefa Weber
FarFranz Anton von Weber
Gift medCaroline Brandt
BornMax Maria von Weber

Weber sine verk, især operaene Der Freischütz, Euryanthe og Oberon påverka i stor grad utviklinga av det romantiske musikkdramaet i Tyskland. Av desse har berre Der Freischütz halde seg på det operaiske standardrepertoaret fram til i dag, men både Euryante og Oberon var viktige verk i komponisten si eiga levetid, og ouverturane frå dei er ofte framførte for seg sjølv.

Utover dette var Weber òg ein nyskapande komponist av instrumentalmusikk. Han komponerte fleire verk for klarinett, mellom anna to konsertar, ein concertino, ein kvintett og ein duo concertante; desse dannar saman med klarinettverka til Mozart og Brahms hjørnesteinen i det historiske klarinettrepertoaret. Weber sine verk for klaver var viktige for seinare komponistar, især Chopin og Liszt, men har vore lite spela med tanke på musikkvaliteten. Grunnen til dette er at Weber hadde særs lange fingrar, og musikken hans er ofte tilnærma umogleg å spela som tenkt, om pianisten ikkje har dette sjølv.

Weber sitt bidrag til vokal- og kormusikk er òg tydingsfullt. Hans katolske kyrkjemusikk var svært populær i samtida, og han komponerte ein av dei tidlegaste songsyklusane, Die Temperamente beim Verluste der Geliebten.

Weber har og vore prisa for si kunstferdige orkestrering. Hector Berlioz refererte fleire gonger til han i si Avhandling om Orkestrering, medan Claude Debussy sa at lyden av Weber sitt orkester blei oppnådd gjennom å granska sjela til kvart instrument.

Weber er likevel hovudsakleg kjend som opphavsmannen til den autonome tyskspråklege operatradisjonen. Gjennom sin påverknad la han grunnlaget for seinare tyske operakomponistar som Heinrich Marschner, Giacomo Meyerbeer og Richard Wagner, så vel som nasjonalistar som Glinka. Han blei hylla av 1900-talskomponistar som Debussy og Stravinskij; Gustav Mahler, som fullførte Webers uferdige komiske opera Die drei Pintos og laga revisjonar av Euryanthe og Oberon, og Paul Hindemith, komponisten av den populære Symfoniske metamorfosar over tema av Weber.

Weber var òg musikkjournalist, var interessert i folkemusikk, og lærte seg litografi for å kunne gravera sine eigne verk.

Liv endre

Weber var fetter av Mozart si kone Constanze. Han studerte i Salzburg med Michael Haydn, i München og i Wien med Joseph Haydn og Abbé Vogler.

I 1804 blei han kapellmeister i Breslau. Mellom 1813 og 1816 var han operadirektør i Praha, frå 1816 kongeleg kapellmeister ved operaen i Dresden. Han vart i 1817 gift med songarinna Caroline Brandt.

Verk endre

  • Operaer
    • Das stumme Waldmädchen (1800)
    • Peter Schmoll (1803)
    • Silvana (1810)
    • Abu Hassan (1811)
    • Die drei Pintos (1820, 1888 fullført av Gustav Mahler)
    • Der Freischütz (1821, opphavleg Die Jägerbraut, som og er det norske namnet: Jegerbrura)
    • Euryanthe (1823)
    • Oberon (1826)
  • Klaververk
    • Aufforderung zum Tanz
    • Ymse sonater
  • Verk for Klarinett
    • Konzert für Klarinette und Orchester Nr. 1 f-moll op. 73
    • Konzert für Klarinette und Orchester Nr. 2 Es-dur op. 74
    • Quintett B-dur für Klarinette und Streichquartett op. 34
    • Konzertino in C-moll op. 26
    • Gran Duo Concertante op. 48

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Carl Maria von Weber
  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Carl Maria von Weber