Henrik Finne den yngre

Henrik Finne (19. november 18984. november 1992) var ein norsk målar, grafikar og bilethoggar frå Stavanger, særleg kjend for sine grafiske arbeid. Han vert rekna til den norske fargetresnittskulen på 1940-50-talet. Henrik Finne var bestefar hans.

Henrik Finne den yngre
Henrik Finne m maleri.jpg
Fødd 19. november 1898
Stavanger
Død

4. november 1992 (93 år)
Bjorbekk

Yrke grafikar, bilethoggar, kunstmålar
Henrik Finne den yngre på Commons

Finne studerte på Statens kunstakademi i Oslo i 1919 under Halfdan Strøm og Christian Krohg, der etter hos André Lhote i Paris 1920-21. Han debuterte som målar i Paris i 1921 og i Oslo same året. «Som målar hadde han ein noko tung og ufri fargebruk». Han vart innkjøpt til Nasjonalgalleriet fyrst i 1928.

I 1940 lærde Finne grafiske teknikkar av Rolf Nesch. Dette førte til at han fornya sitt uttrykk radikalt, laga sidan «kraftige og sikre fargetresnitt». I 1943 flykta Finne med familien til Sverige. Nokre åra etter andre verdskrigen var Finne kunstmeldar i dagsavisa Friheten. Gjennom åra reiste Finne fleire gonger til Sentral-, Sør- og Aust-Europa.

Frå 1948 arbeidde Finne også med å forme skulpturar.

KjelderEndra