Henrik Mathiesen

Henrik Mathiesen (9. juli 18478. oktober 1927) var ein norsk forretningsmann, historikar og illustratør frå Strinda i Sør-Trøndelag.

Henrik Mathiesen
Fødd 9. juli 1847
Strinda
Død

8. oktober 1927 (80 år)
Ranheim

Yrke historikar, illustratør, forretningsdrivande
Henrik Mathiesen på Commons

Mathiesen var son til ein forretningsmann og proprietær. Han dreiv sjølv forretning og gardsbruk ei tid. I godt vaksen alder utdanna han seg i teikning i København og var ei tid vitskapleg teiknar for Oluf Rygh ved Universitetet i Kristiania. Seinare arbeidde han mykje saman med arkeologen Ingvald Undset og han illustrerte på 1890-talet Ole Andreas Øverland si noregssoge i to band.

Frå midten av 1880-åra engasjerte Mathiesen seg sterkt for kulturminnevernet, særleg for Nidarosdomen og andre mellomalder-bygg. Gjennom sitt omfattande arbeid med Trondheim og Trøndelags historie var han på mange vis ein føregangsmann i granskinga av norsk byhistorie. Han formidla den lokale og nasjonale soga både ved tallause foredrag og gav ut eit stort tal tidsskrift- og avisartiklar, sogehefte og bøker.

Politisk var Mathiesen ein radikal Venstre-mann som stridde for at Trøndelag og det trøndske skulle stå sentralt i den norske «nasjonalånden». Både grunnlegginga av Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i 1893 og gjenopplivinga av olsokfeiringa i 1897 høyrde med i den målsettinga.

KjelderEndra