Ole Andreas Øverland

Ole Andreas Øverland (17. mars 185520. juni 1911) var ein norsk historikar, skribent og statsstipendiat; særleg kjend for sine to utgåver av Illustreret Norges historie.

Ole Andreas Øverland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. mars 1855
Trondheim
Død

20. juni 1911 (56 år)

Yrke historikar, arkivar
Ole Andreas Øverland på Commons
Omslaget til O.A. Øverlands Illustreret Norges historie frå 1893

Liv og gjerning endre

Øverland var frå Trondheim, far hans var handelsmann. Sjølv tok han artium i 1873 og arbeidde deretter nokre år som lærar i heimbyen. I 1878 flytta han til Kristiania og byrja studere. Han avla aldri nokon eksamen, dels av helsegrunnar, men kanskje mest av di han jamsides studiane etablerte seg som skribent og forfattar. Mellom 1879 og -85 arbeidde han også i Riksarkivet.

Frå 1885 skreiv Øverland ein serie hefte for Folkebladet. Samla vart desse til fyrsteutgåva av Illustreret Norges historie, eit verk som kom i fem band i tida 1885-95. Perioden 1887-98 skreiv han samstundes på ei 12 bands «folkeutgåve» av det same verket; i periodar med gasje frå Stortinget. Då verket var ferdig utgjeve i 1898 vart han utnemnd til statsstipendiat.

Øverland skreiv også ei rad med biografiar, jubileumsskrift, leksikonartiklar, og var ein flittig og populær føredragshalder. Han skreiv om Vinland, krosstog, thranittane, kong Karl Johan, general Armfeldt, bygdemagasin og Jotunheimen. Historikaren Terje Bratberg omtalar Øverland som «en av de mest produktive historikere Norge har fostret, og produksjonen overvelder ved sitt volum, men også kvalitetsmessig holder det mål».

Han døydde i Kristiania.

Litteratur endre

  • Axel Coldevin. «Ole Andreas Øverland» I: Norsk biografisk leksikon, 1. utg.
  • Terje Bratberg. «Ole Andreas Øverland» I: Norsk biografisk leksikon, 2. utg.
  • sambok 191 bøker av O.A. Øverland