Opna hovudmenyen

Johannes Henrik Nissen (fødd (21. april 18484. juni 1915) var ein norsk arkitekt og son til Hartvig Nissen. Arkitekten Henrik Nissen d. e. var elev ved arkitekt Wilhelm von Hannos tegneskole i Kristiania i åra 1867-69 og samtidig ved Den kongelige tegneskole. 1869-70 var han elev ved Berlins Bauakademie men blei avbroten av den fransk-tyske krigen i åra 1870-71. I denne perioden var Nissen igjen elev hos von Hanno, og samtidig hospiterte han i bygningsfag og kjemi ved Den militære høyskole i Kristiania. Ved avslutninga av den fransk-tyske krigen returnerte Nissen til Berlin, der han igjen var elev ved Bauakademie fram til 1874. Han gjekk også ei tid i murarlære.

Henrik Nissen
Johannes Henrik Nissen.jpg
Fødd 21. april 1848
Christiania
Død

4. juni 1915
Christiania

Yrke arkitekt
Henrik Nissen på Commons

Henrik Nissen blei tilsett hos arkitektane Due & Steckmest i Kristiania i 1874, der han var med på utforminga av Steen & Strøm sitt forretningsbygg som brann ned i 1929. Nissen etablerte eigen praksis i Kristiania i 1875 og samarbeidde samtidig (1878-85) med arkitekt Holm Munthe. Dette kompaniskapet resulterte blant anna i Kristiania bad (1881-83, rive), Otto Andersens skole (Uranienborgveien 7, 1884, brann ned 1909) og Kristiania handelsgymnasium (Munchs gate 4, 1883-85).

KyrkjebygningarEndra

Andre bygningarEndra

LitteraturEndra

KjelderEndra