Opna hovudmenyen

Henrik Steffens Hagerup (23. april 180628. mai 1859) var ein dansk-norsk offiser, stortingsmann og statsråd, fødd i Kalundborg i Danmark og død i Karlsbad. Han var far til Francis Hagerup.

Henrik Hagerup
Henrik Steffens Hagerup NFB.24392.jpg
Fødd23. april 1806
Kalundborg
Død29. mai 1859
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Utdanna vedSjøkrigsskulen
FarCaspar Peter Hagerup
BarnFrancis Hagerup, Henrik Steffens Hagerup
MedlemDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Far til Hagerup var borgarmeister i Trondheim. Sjølv gjekk han frå 1819 til -24 sjøkadettinstituttet i Fredriksværn. Deretter studerte han i Breslau og 1826-27 gjekk han på Den militære høgskulen i Christiania. Frå 1828 til -32 var han hydrograf ved kystoppmålinga i Nord-Noreg. Etter to år som skipper i fraktfart på Amerika, arbeidde han åra 1835-38 som trigonometrist under den geografiske oppmålinga av kyststroka i Troms og Finnmark. I tida 1840-44 var han lærar i artilleriet ved sjøkadettinstituttet. Han var medlem i fleire kommisjonar, mellom dei om loslova i 1849 og planlegginga av den framtidige sjøstyrken til det norske riket.

Hagerup representerte Jarlsberg og Larvik amtStortinget i tida 1848-54. I 1848 var han medlem i Militærkomiteen, Valkomiteen og komiteane om krigen i Danmark, om statslånet og om vernepliktslova. Tre år seinare var han med i Militærkomite nr 1, Valkomiteen, Adressekomiteen og komiteane om trykking og jarnbaneanlegg. I 1854 sat han i Militærkomiteen, Valkomiteen og komiteen om nøytralitetsløyvingar. 21. mars 1856 vart Hagerup utnemnd til statsråd og sjef for Marinedepartementet. Same året vart han forfremja til kontreadmiral.

KjelderEndra