Merle Ronald Haggard (6. april 19376. april 2016) var ein amerikansk countrysongar, gitarist og låtskrivar.

Merle Haggard

Fødd6. april 1937
FødestadBakersfield
Død6. april 2016 (79 år)
DødsstadPalo Cedro
FødenamnMerle Ronald Haggard
OpphavUSA
Aktiv1963–2016
Sjangercountry
Instrumentgitar, vokal
PlateselskapCapitol Records
Verka somsongar, songar-låtskrivar, gitarist, countrymusikar, plateartist
Gift medBonnie Owens
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award, California Hall of Fame, Kennedy Center Honors, Oklahoma Music Hall of Fame

Han var ein av dei sentrale tidlege bidragsytarane i utviklinga av Bakersfield sound i 1960-åra. Nærast på eiga hand tok han den elektriske gitaren inn i country[treng kjelde]. Han ga ut musikkalbum heilt fram til 2000-åra. 38 gongar har songane hans toppa listene i USA,[treng kjelde] og i 1994 vart han vald inn i æresgalleriet Country Music Hall of Fame. Merle Haggard vert av det musikalske tidsskriftet Rolling Stone kåra til «den største countrymusikaren gjennom alle tider».[1]

Liv og verke

endre

Bakgrunn, ungdomstid

endre

Merle Haggard budde først med foreldra og to syskjen i ei ombygd godsvogn i Oildale. Faren arbeidde for Atchison, Topeka and Santa Fe Railway og hadde ei regelmessig innkome. Til rett før Merle sin fødsel hadde familien budd i Oklahoma. I 1930-åra var mange bønder der hardt råka av den store depresjonen og av støvstormane kjende som Dust Bowl. Då familien sin låve brant ned attpå dette, reiste dei til California og søkte arbeid i landbruket der.

Da Merle Haggard var ni år gammel, døydde faren. Mora arbeidde for å livnære familien, og Merle fekk bu med slektningar. Som tolvåring lærte han seg å spele gitar. Han byrja med å ta etter stykker av Bob Wills og Hank Williams. Seinare let han seg begeistre av Lefty Frizzell sin musikk. I fleire år spelte han nesten berre Frizell sine songar og byrja å ta til seg musikkstilen hans.

Seinare i 2016 sto det i media at «støtta hans var retta mot arbeidarar, innsette og utfordrarane til» etablissementet.[2]

I 1994 kuraterte Tom Russell og Dave Alvin et hyllest-album,Tulare Dust, med songar komponert av Haggard.[2]

Kjelder

endre
  1. David Browne, Jon Dolan, Jon Freeman, Chris Parton, Jonathan Bernstein, Stephen L. Betts, Andrew Leahey, Joseph Hudak, Kory Grow, Marissa R. Moss, Maura Johnston, Joe Levy, Will Hermes, David Cantwell (2017) 100 Greatest Country Artists of All Time[daud lenkje]. Rolling Stone, June 15, 2017. Besøkt 2017-08-13
  2. 2,0 2,1 Tom Skjeklesæther (2016). Merle, 1937-2016. Musikkmagasinet - Klassekampen, 11. april 2016, s. 2

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Merle Haggard