Opna hovudmenyen

Gol kommune

kommune i Buskerud
«Gol» omdirigerer hit. For administrasjonssenteret i kommunen, sjå Gol i Hallingdal.

Gol kommune er ein kommune i Hallingdal i Buskerud fylke. Kommunen grensar i sør til Nes, i vest til Ål og Hemsedal og i nord til Nord- og Sør-Aurdal i Oppland. Gol har sine noverande grenser frå 1897, då Hemsedal vart skilt ut som eigen kommune.

Gol kommune
kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Buskerud
Adm.senter Gol
Areal 533 km²
 - land 517 km²
 - vatn 16 km²
Folketal 4 566 (1. januar 2018)
Folketettleik 9 / km²
Målform nynorsk
Ordførar Heidi Granli (Ap)
Kommunenr. 0617
NO 0617 Gol.svg
Wikimedia Commons: Gol
Nettstad: www.gol.kommune.no

Administrasjonsenteret i kommunen er tettstaden Gol. Lokalavisa er Hallingdølen, som kjem ut tre dagar i veka.

GeografiEndra

 
Utsyn mot Storefjell, med topp på 1149 moh.

Gol ligg sentralt i Hallingdal og femner dei nedste delane av sidedalen Hemsedal og fjellviddene på begge sidene av desse dalane. Der Hemsedal møter det største dalføret ligg kommunesenteret Gol, og her bur over halvparten av innbyggjarane i kommunen. Elles er det tett busetnad i Hemsedal og på nordsida av Hallingdalselve. I fjellområda er terrenget lite kupert, utanom områda som ligg lengt aust. Her ligg det høgste punktet i kommunen, Nystølsvarden på 1295 moh.

Gol kommune har to freda naturreservat; Lyseren våtmarksreservat som er ei samling av små vatn med myrer kringom, og Metubba myrreservat som er dominert av myrer av ulike typar og med ymse plantar og plantesamfunn.

NæringslivEndra

Jordbruk er ei viktig næring i Gol, med hovudvekt på storfe og sau. Kommunen har den største mengda verpehøns i Buskerud og om lag halvparten av den dyrka jorda finst på Golsfjellet. Innan industrien er næringsmiddelindustri størst og utgjer over halvparten av dei sysselsette innan industrien, med mellom anna bakeri og slakteri. Det er også trevareindustri med trevarefabrikk, høvleri og nokre mindre sagbruk. Gol er òg ein viktig reiselivskommune med overnattingsstader både i sentrum og på Golfjellet. Reiselivsnæringa sysselset saman med varehandel nær ein tredel av dei yrkesaktive. Golsfjellet har mykje vinteraktivitet og husar fleire hytter og hotell, i tillegg til Raude krosssentralen for fjellredding. I kommunen ligg òg Hallingdal folkehøgskule. Tettstaden Gol er eit viktig handelssenter i Hallingdalen. Nær sentrum ligg kraftverket Hemsil II, med ei maksimal yting på 82 MW og ein årsproduksjon på 465 GWh.

SamferdsleEndra

Bergensbanen har stopp på Gol, med reisetider på om lag 2 t. 45 min. frå Oslo og litt under fire timar til Bergen. Rv7 går gjennom Gol, og langsmed denne ferdselsåra er det frå Gol 190 km til Oslo og 290 km til Bergen. Fv51 går nordaustover til Leira i Valdres, og Rv52 går nordvest gjennom Hemsedal over til Borlaug i Lærdal. Det er også samband med buss til Vestlandet via Sogn og Fjordane ekspressen til Førde gjennom Sogndal.

KulturEndra

 
Oset fjellkyrkje, bygd som ei stavkyrkje i 1980 i Gol
 
Teikning av Gol stavkyrkje slik ho stod i Gol på 1800-talet.

Hallingdal folkehøgskule tok over garden Skaga i 1958, som ligg i lia vestom senteret Gol. Tunet på denne garden vart skilt ut som Gol museum, ei avdeling av Hallingdal museum. Like nord for museet ligg Gol kyrkje, ei langkyrkje i tre, bygd 1881–82. Omtrent på same staden stod den gamle stavkyrkja frå 1200-talet som 1884 vart flytta til Norsk Folkemuseum. Ein kopi av stavkyrkja vart oppført i Gol sentrum 1994. På Golsfjellet er tilhøva lagt god til rette for friluftsaktivitetar, med støre løypenett som er opne både sommar- og vinterstid.

Kommunenamn og -våpenEndra

Namnet Gol stammar frå norrønt Gǫrð, opphavleg eit elvenamn. Dette er truleg eit namn på det nedre løpet av Hemsil, av garðr, gjerde, her i tydinga «grenseelv». Ein person frå Gol vert kalla for goling.

Kommunevåpenet vart fastsett ved kongeleg resolusjon den 13. september 1985. Motivet vert skildra slik: På gull grunn tre opprette svarte lyklar med skjegget ned, to over ein. Kommunevåpenet minner om stavkyrkja på Gol, Gol stavkyrkje, som vart flytt til Norsk Folkemuseum på Bygdøy i Oslo i 1885 og gjennomgripande restaurert då ho vart attreist der. Men lykelen til kyrkja vart verande i bygda. Ein hotelleigar har reist ein kopi av den restaurerte stavkyrkja i ein opplevingspark ved bygdesenteret Gol, langt frå den gamle kyrkjestaden.

VenskapskommunarEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

PanoramabileteEndra