Herman Günther Grassmann

Herman Günther Grassmann (15. april 180926. september 1877) var ein tysk matematikar og språkforskar og var ein av grunnleggarane av vektor- og tensoranalysen.

Herman Günther Grassmann
Hermann Graßmann.jpg
Fødd15. april 1809
Szczecin
Død26. september 1877
Szczecin
NasjonalitetKongedømet Preussen
Områdealgebra, fysikk, matematikk, filologi
Yrkematematikar, fysikar, lingvist, gymnaslærer, omsetjar
Alma materHumboldt-Universität zu Berlin
Martin-Luther-Universität Halle-Wittenberg
MedlemGöttingens vitenskapsakademi

Det matematiske hovudverket hans, Die Ausdehnungslehre, kom ut i 1844, og seinare i fleire utbetra utgåver. Framstillinga var derimot tung, og teoriane hans vakte liten interesse blant matematikarane medan han levde. Dei samla matematiske verka hans kom ut i tre bind frå 1894 til 1911. Hovudverket hans innan indologien var Wörterbuch zum Rig-Veda frå 1873. Grassmann oppdaga reglane for dissimilasjon av aspirerte konsonantar i indisk og gresk, kalla Grassmannlova.

KjelderEndra