Herpes simplexvirus

Denne artikkelen handlar om viruset. For informasjon om sjukdommen, sjå Herpes simplex.
Herpes simplexvirus
Herpes simplexvirus
Herpes simplexvirus
Systematikk
Rike: Heunggongvirae
Rekkje: Peploviricota
Klasse: Herviviricetes
Orden: Herpesvirales
Familie: Herpesvirus Herpesviridae
Underfamilie: Alfaherpesvirus Alphaherpesvirinae
Slekt: Simplexvirus
Art: Herpes simplexvirus H. herpesvirus
Vitskapleg namn
Human herpesvirus 1

Herpes simplexvirus type 1 og 2 (HSV-1 og HSV-2), òg kjend som humant herpesvirus 1 og 2 (HHV-1 og HHV-2), er to virus i herpesvirusfamilien som valdar infeksjon hjå menneske.[1] HSV-1 plar å føre til herpes labialis, medan HSV-2 plar å føre til herpes genitalis. Begge virusa er allstadsnærverande og smittsame. Dei blir spreidde når infiserte personar produserer og skil ut viruset. Herpes simplex kan smitta gjennom kontakt med spytt, til dømes når nokon delar drikke.

Symptom på herpes simplex-infeksjon er vassaktige blemmer i huda eller på slimhinnene i munnen, på leppene eller på kjønnsorgana.[1] Når lesjonane lækjar plar det å oppstå skorper som er karakteristiske for herpessjukdom. Somme gonger fører viruset til milde eller atypiske symptom ved utbrot. HSV-1 og -2 står ved lag i kroppen fordi dei blir latente og gøymer seg frå immunsystemet. Dette gjer dei i cellekroppen til nervecellene, på same måte som nevrotrope og nevroinvasive virus. Etter den fyrste infeksjonen, primærinfeksjonen, er det ikkje uvanleg at det oppstår sporadiske episodar med reaktivering eller utbrot. Ved utbrot blir viruset aktivt og transportert via aksonar til huda, der virusreplikasjon og utskiljing fører til nye sår.[2]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Ryan KJ, Ray CG (editors) (2004). Sherris Medical Microbiology (4th utg.). McGraw Hill. s. 555–62. ISBN 0-8385-8529-9. 
  2. «Herpes simplex». DermNet NZ — New Zealand Dermatological Society. 16. september 2006. Henta 15. oktober 2006.