Hibiskus

planteslekt
Hibiskus
Orange hibiscus,lateral view.jpg
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Kattostordenen Malvales
Familie: Kattostfamilien Malvaceae
Underfamilie: Malvoideae
Stamme: Hibisceae
Slekt: Hibiskus Hibiscus
L., 1753

Hibiskus er ei gruppe blomsterplantar i kattostfamilien som veks i varme og tropiske klima. Blada er enkle, ofte litt taggete, medan blomane har fem blomeblad, er trompetforma og har kvit, lyseraud, raud, lilla eller gul farge. Nokre kjenner òg blomane som hawaiirose.

Hibiskus blir ofte dyrka for dei vakre blomne sine, men nokre artar kan brukast til te eller som grønsak (Roselle), til papirproduksjon (Kenaf) eller klesmateriale. I Noreg er arten Hibiscus rosa-sinensis kjend som hawaiirose, men den eigentlege hawaiirosa er Hibiscus brackenridgei, som er gul og stadeigen for Hawaii. Denne gule blomsterplanten blei utnemnd til offisiell blomsterplante for Territory of Hawaii (no synonym med delstaten Hawaii) i 1923. Planten blei utnemnd til offisiell delstatsplante for Hawaii i 1988.[1] Det var truleg dette som gav planten det norske namnet.

GalleriEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Hibiskus