Noah Ngeny
Noah Kiprono Ngeny (fødd 2. november 1978) er ein kenyansk tidlegare mellomdistanseløpar.
Noah Ngeny | |
Statsborgarskap | Kenya |
Fødd | 2. november 1978 (46 år) Eldoret |
Yrke | mellomdistanseløpar, friidrettsutøvar |
Språk | engelsk |
Høgd | 182 centimeter |
Karriere
endreNoah Ngeny tok ikkje til å springa aktivt før i 1996, men verda fekk auga opp for han allereie i 1997, då han sette to junior-verdsrekordar på respektive 1500 meter og ei engelsk mil. Ngeny heldt fram med å trena og betra forma si dei fylgjande åra.
Den 7. juli 1999, då Hicham El Guerrouj sette ny verdsrekord på ei engelsk mil i Roma, kom Ngeny på andreplass, og sprang også raskare enn den førre verdsrekorden. Hicham El Guerrouj sin rekord er framleis gjeldande, og resultatet til Ngeny er framleis verdas nest-raskaste engelske mil. Seinare same sesongen var det VM i friidrett i Sevilla. Her tok Noah Ngeny sølvmedalje på 1500 meter, berre slått av El Guerrouj. 5. september 1999 i Rieti i Italia sette Noah Ngeny ny verdsrekord på 1000 meter på 2,11.96. Denne rekorden står framleis i dag.
Noah Ngeny OL-debuterte under sommar-OL 2000 i Sydney. Her vann han olympisk gull på 1500 meter rett framfor Hicham El Guerrouj, og sette samtidig ny og gjeldande olympisk rekord på distansen. Etter Sydney-OL gjekk karrieren til Ngeny nedover, m.a. fordi han vart utsett for ei bilulukke i november 2001. I 2006 kunngjorde Noah Ngeny at han offisielt la toppidretten på hylla.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Noah Ngeny» frå Wikipedia på engelsk, den 3. september 2012.