Hilary Lindh
Hilary Lindh (fødd 10. mai 1969) er ein USA-amerikansk tidlegare skirennar frå Juneau i Alaska som vart verdsmeister i utfor i 1997, og elles tok ein OL-sølv i 1992 og ein VM-bronse i 1996.
Hilary Lindh | |
Fødd | 10. mai 1969 (51 år) Juneau |
Yrke | alpinist |
AktivEndra
Lindh debuterte i verdscupen i 1986 med ein 13.-plass i eit utforrenn i Vail i Colorado. Seks år seinare overraska ho stort ved å ta sølv i utforrennet under Vinter-OL 1992 i Albertville, berre seks hundredels sekund bak den kanadiske vinnaren Kerrin Lee-Gartner.
Lindh vann tre renn i verdscupen i alpine greiner, alle i utfor. Alle sigrane kom i året 1994, fordelt på ein triumf i Spania i byrjinga av februar, og to i desember i Nord-Amerika. Sesongen 1994/95 var ho verdas nest beste kvinnelege utforrennar, bakom landskvinna Picabo Street.
Under VM i alpine greiner 1996 i Sierra Nevada i Spania fekk Lindh ein bronsemedalje i utfortevlinga. Høgdepunkt oppnådde ho i VM i alpine greiner 1997 i Sestriere då ho vart verdsmeister i utfor, med seks hundredels sekund til gode på sølvvinnar Heidi Zurbriggen frå Sveits. Ved sesongslutt la ho alpinskia på hylla.
KjelderEndra
- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Denne artikkelen bygger på «Hilary Lindh» frå Wikipedia på engelsk, den 30. januar 2015.