Hild Rolvsdotter
Hild eller Ragnhild Rolvsdotter (Ragnhildi Hrólfsdóttur) var ei norsk kvinne som levde på slutten av 800-talet. Ho var, etter det ein kjenner til, ei av få kvinner i norrøn tid som gjorde skaldekvad.

(Illustrasjonen er frå ein biletstein på Gotland)
Familie endre
Ho er nemnt i soga om Harald Hårfagre[1], der ho blir kalla Hild. Ho er òg nemnt både i Orknøyingasoga[2] og Landnåmaboka[3], begge stader med namnet Ragnhild. Far hennar skal ha vore den mektige hovdingen Rolv Nevja (Hrólf nefju) og i den historisk usikre forteljinga «Soga om kong Harald Hårfagre sine skaldar»[4] er det nemnt at han var frå Opplanda. Hild var gift med mørejarlen «Ragnvald den mektige og den rådkloke» (hinn ríki eða hinn ráðsvinni) og ho var mor til minst tre born: Ivar, Tore og Rolv. Ivar Ragnvaldsson døydde under ei hærferd som han gjorde saman med kong Harald Hårfagre. Tore Ragnvaldsson, òg kalla «Teiande», vart den nye «mørejarlen» etter at faren døydde omkring 892. Rolv Ragnvaldsson (truleg fødd omkring 860, død 932) fekk tilnamnet «Gange-Rolv» og etter norrøn og islandsk tradisjon var han identisk med den historiske Rollo av Normandie og dermed skal han ha vore tipptippoldefar til William Erobraren. Teorien er omdiskutert, men om han skulle vere rett, hadde Hild Rolvsdotter desse etterkomarane (årstala er usikre):
- Gange-Rolv (Rollo)
- Vilhelm I (William) Langsverd (893-942) hertug av Normandie
- Rikard I (den uredde) (933-996), hertug av Normandie
- Rikard II (den gode) (978-1026), hertug av Normandie
- Robert I (den praktfulle) (1000-1035), hertug av Normandie
- Vilhelm (William) Erobraren (1027-1087)
Skaldedikt endre
Ifølgje sogene var Gange-Rolv mykje ute i viking, og ein sumar kom han «austanfrå» til Vika i Noreg og gjorde strandhogg der. Kong Harald Hårfagre lyste han då fredlaus, for det var strengt forbode å røve innanlands. Då var det at Hild fór til kongen for å be om fred for sonen sin, og gjorde dette kvadet[5] (omsetjing[6]):
|
|
Dette diktet er det einaste som er kjent etter Hild Rolvsdotter. Soga fortel ikkje noko om korleis kong Harald lønte Hild for kvadet hennar, og nemner berre at «Gange-Rolv for sidan vest over havet» og at han fekk seg eit stort jarlerike i Valland (Frankrike).
Referansar endre
- ↑ Soga om Harald Hårfagre (kap.24) frå heimskringla.no
- ↑ Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
- ↑ Landnåmaboka frå snerpa.is (kafli 82)
- ↑ Saga skálda Haralds konúngs hárfagra frå heimskringla.no
- ↑ Lausavise av Hild Rolvsdotter (Skaldic Project)
- ↑ Norsk omsetjing er henta fra "Noregs kongesoger" 1, Det norske samlaget 1979
Bakgrunnsstoff endre
- Rollo Gange-Rolv Ragnvaldsson Norsk biografisk leksikon
- Den Norsk-Islandske Skjaldedigtning av Finnur Jónsson (side 305).
- Den oldnorske og oldislandske litteraturs histore av Finnur Jónsson (1.bind side 606)