Opna hovudmenyen

Hanna Winsnes (fødd Hanna Olava Strøm, fødd 23. august 1789 i Drammen, død 19. oktober 1872) var ein norsk forfattar som skreiv ulike verk, mellom anna den best kjende tidlege norske kokeboka, Lærebog i de forskjellige Grene af Husholdningen.

Hanna Winsnes
Hanna Winsnes.jpg
Fødd 29. august 1789
Drammen
Død

19. oktober 1872

Yrke skribent, lyrikar, omsetjar
Hanna Winsnes på Commons
Hanna Winsnes (kring 1870)
Foto: Ukjend/Nasjonalbiblioteket
Minnesmerke ved Vang prestegard

Innhaldsliste

FamilieEndra

Foreldra var borgarmeister Jens Henrich Strøm (1729–1800) og Karen Tyrholm Plathe (1755–1805).[1] Faren var ein yngre bror av presten og forskeren Hans Strøm.

Winsnes var gift med presten og stortingsmannen Paul Winsnes, og følgde han i prestekalla hans fleire stader på Austlandet. Lengst budde dei på Tanum prestegard ved Larvik 1830–1845, og i Vang i Hedmark frå 1845. Ho var brordotter av presten og forfattaren Hans Strøm, og oldemor til forfattaren Barbra Ring.

ForfattarskapEndra

Winsnes skreiv det som ofte blir rekna som den første norske kokeboka, Lærebog i de forskjellige Grene af Husholdningen. Ho kom ut i 1845 og omfatta alt frå matlaging og slakting til husdyrstell og hagedyrking. Boka har kome i fjorten opplag. Ho gav seinare ut Husholdningsbog for tarvelige Familiar i By og Bygd (1862), som òg kom i fleire opplag.

Winsnes skreiv òg andre ting enn husstell; både dikt, romanar og sakprosa. Blant anna gav ho ut Grevens Datter i 1841 under pseudonymet Hugo Schwartz, og barneboka Aftnerne paa Egelund (1852).

Ettermæle og omtaleEndra

Utanfor Vang prestegard (no Toneheim folkehøgskole) står det eit minnesmerke over Winsnes. Han vart avduka i 1939 av Henriette Schønberg Erken - ein annan kokebokforfattar. Den nye storsalen på Einer skule på Ridabu har fått namn etter Hanna Winsnes.

Arne Garborg om Hanna WinsnesEndra

I 1890 skreiv Arne Garborg den satiriske meldinga Hanna Winsnes's Kogebog, der han gjer narr av den truskyldige prestefrua sine ureflekterte haldningar til klassesamfunnet på den tida. Innleiinga er ein norsk litterær klassikar. Dette utdraget skildrar det idylliske livet på prestegarden:

Der er fred, stilhed, idyl; god mad og god samvittighed. Der er julestemning og søndagshumør. Det store kjøkken er hvidskuret; fra væggene skinner de blanke kobberkar. Småsnakkende koger gryderne på den brede komfur; det suser duftende fra stegepanden. Snart kommer far fra kirken; da er far sulten, og da vil laksen smage; far er så glad i laks.
Man oplever slagtedage med deres festlige travlhed; man er med på brygning og bagning, syltning og stegning, skuring og vask. Man er med i fjøset og ser på kjørene, som fodres og melkes, kalvene, som blir syge og får medicin, grisene, som gjødes, budeien, som er alle disse hyggelige dyrs forsyn og mor; man studerer livet i hønsegården og interesserer sig for, hvem af hønsene der verper bedst, eller hvad man skal give gjæssene at spise. Leilighedsvis ser man indom drengestuen, hvor folkene æder grød og sild uden at misunde herskabet hverken laksen eller oksestegen.
Der leves nemlig godt inde hos herskabet. Der vades i eg, sukker og smør; lader og kjeldere er fulde; man tager ... tager ... tager ... og plages ikke af spørgsmålet om, hvor man skal tage det fra. Thi verden er i orden.

VerklisteEndra

Verk utgjevne anonymt
  • Catechism i fem Parter, udsatte i Vers, 1831
Verk utgjevne under psevdonymet Hugo Schwartz
 
Aftenerne paa Egelund av Hanna Winsnes, med tittelbilde av Gerhard Munthe, utgitt av Det norske Aktieforlag. 1903
  • De to Antonymer, ifølgje Barbra Ring publisert i Guldberg & Dzwonkowskis tidsskrift Nat og Dag i tidsrommet 1841-1844
  • Grevens Datter
  • Det første Skridt
  • Præsten i Särna
  • Tyrolersangerne
  • Min Reisekamerats Historie
  • Eremithytten
  • Præstegaarden på Landet og andre Noveller
  • Indianerinden
  • De tre Besøg
  • Skipperkonen
  • Actricen
  • Canariefuglen
  • En Fuglestrid paa Vers
  • Stjernegutten, publisert i Skillingsmagasinet, 1843
  • Aftnerne paa Egelund, 1852
Verk utgjevne under eige namn
  • Lærebog i de forskjellige Grene af Huusholdningen, Christiania 1845
  • Bibelhistorien udsat i Vers, P. T. Mallings Forlags-Boghandel, Christiania 1846
  • For Tjenestepiger. (Til Nytte og Fornøielse.), 1851
  • Lærebog i Huusholdningen, 1845
  • Smaa-Digte, 1848
  • Væverbog, 1850
  • For fattige Huusmødre, 1857
  • Huusholdningsbog for tarvelige Familier i By og Bygd, 1862
  • Til jul. To Smaastykker, 1869
  • Børnesange og Børnelege, 1867
  • Om Huusjomfruer, etterlate skrift utgjeve av dottera Maren Winsnes i 1877
  • Gamle Visestubber av Hanna Winsnes, utgjeve av dotterdottera Sina Ring og maleren Nils Hansteen

KjelderEndra

  1. SNL: Hanna Winsnes lest på nett 3.mars 2013.

BakgrunnsstoffEndra

Bøker om Hanna Winsnes
  • Biografiske artikler over Hanna Winsnes av M.J. Færden
  • Fra Hanna Winsnes' Prestegaard. av Barbra Ring, Kristiania 1911
  • For hundrede Aar siden. Hanna Winsnes og Hendes. av Barbra Ring, H. Aschehoug & co (W. Nygaard), Kristiania 1924
  • Hanna Winsnes. Dikter og kokk. av Zinken Hopp, Cappelen, Oslo 1943
  • Hanna Winsnes. Mer enn matmor. av Henry Notaker, Gyldendal, Oslo 1990
  • Hanna Winsnes. Dagsverk og Nattetanker. av Hilde Diesen, Aschehoug, Oslo 2000
  • Man tager Hanna Winsnes' kokebog av Hilde Diesen, Aschehoug, Oslo 2004