Hilde Gerg, eigentleg Mathilde Gerg, (fødd 19. oktober 1975) er ein tysk tidlegare alpin skirennar frå Lenggries i Bayern. Ho vart olympisk meister i slalåm i 1998 og vann VM-gull med Tyskland sitt mixlag i 2005. Gerg vart nummer to i verdscupen i alpine greiner 1999.

Hilde Gerg
Fødd 19. oktober 1975
Lenggries
Yrke alpinist

AktivEndra

Gerg vann i alt 20 renn i verdscupen i tida frå 6. februar 1994 til 21. desember 2004. Åtte gongar sigra ho i super-G, sju i utfor, resten i kombinasjon og slalåm. Ho sikra seg FIS-pokalane i super-G i 1997 og 2002, og i kombinasjon i 1998 og 1999.

Gerg sikra seg sine to fyrste VM-medaljar under verdsmeisterskapen i alpine greiner 1997 i Sestriere, begge i bronse. Fyrste medaljen kom i yndlingsgreina super-G, den andre i kombinasjonen, der ho var einast åtte hundredels sekund bak vinnaren, Renate Götschl. Året etter opplevde ho toppen som skialpinist då ho vann gullmedajen i slalåm under Vinter-OL 1998 i Nagano, seks hundredels sekund framom Deborah Compagnoni frå Italia. Elles i Nagano tok Gerg også ein OL-bronse i kombinasjonen.

I VM i alpine greiner 1999 måtte Gerg ein plass ned på resultatlista i dei same to øvingane. Same sesongen enda ho på andreplassen i verdscupen i alpine greiner 1999, men med 1179 poeng var ho nesten 500 poeng bakom den suverene verdseinaren, Alexandra Meissnitzer frå Austerrike.

Under VM i alpine greiner 2001 i St. Anton kleiv Gerg oppatt på bronseplassen i super-G, medan ho i utforrennet vart nummer seks. Frå vinterleikane 2002 i Salt Lake City fekk ho med seg ein fjerdeplass i utfor og ein femteplass i super-G.

Gerg vart verdsmeister for fyrste gong då VM i alpine greiner 2005 fann stad i Santa Caterina i Italia. Saman med Martina Ertl, Andreas Ertl, Florian Eckert, Felix Neureuther og Monika Bergmann vann ho med Tyskland VM-gullet framom favoritten Austerrike. Same året la ho opp grunna ein alvorleg skade.

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar