Hilde K. Kvalvaag
norsk forfattar og journalist
(Omdirigert frå Hilde Kristin Kvalvaag)
Hilde Kristin Kvalvaag (fødd 22. oktober 1968 i Oslo)[1][2] er ein norsk forfattar, sosialantropolog og journalist oppvaksen i Arna.[3] Ho arbeider ved kommunikasjonsavdelinga på Universitetet i Bergen.[4]
Hilde K. Kvalvaag | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. oktober 1968 (56 år) Oslo |
Yrke | Journalist |
Periode | 2003- |
Debut | Hjarteklapp |
Kvalvaag debuterte med ungdomsromanen Hjarteklapp i 2003.
Bibliografi
endre- 2003: Hjarteklapp – ungdomsroman
- 2005: Nattsommarfugl – ungdomsroman
- 2008: Skagerrak – roman
- 2010: Fengsla – ungdomsroman
- 2015: Lev vel, alle – roman
- 2017: Under – ungdomsroman, saman med Sturla Bang
- 2019: Over – ungdomsroman, saman med Sturla Bang
- 2021: Djuphavsslettene
Prisar og utmerkingar
endre- 2003: Nynorsk barnelitteraturpris av Noregs Mållag for Hjarteklapp[1]
- 2006: Kultur- og kyrkjedepartementets litteraturpris for Nattsommarfugl[1]
- 2006: Guro Sandsdalens litteraturpris[5]
- 2008: Sparebanken Vest kunstnarstipend
- 2010: Samlagsprisen for Skagerrak
- 2010: Brageprisen for Fengsla
- 2010: Fengsla vart kåra til Årets nynorskbok i Dag og Tid
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 ««Litteraturpris til Hilde K. Kvalvaag»». Nettstaden til Noregs Mållag.
- ↑ «Hilde Kvalvaag (22.10.1968)». forfatterkatalogen.no (Norsk forfattersentrum). Henta 16. juni 2021.
- ↑ Ottar Fyllingsnes (29. november 2003). ««Ei overlevingsbok»». Dag og Tid. Henta 22. august 2013.
- ↑ «Hilde Kristin Kvalvaag». Nettstaden til Universitetet i Bergen. Henta 22. august 2013.
- ↑ ««Guro Sandsdalens litteraturpris 2007 til Ingelin Røssland»». Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (web.archive.org).