Hilde Lyrån (fødd 2. januar 1963 i Oslo) er ein norsk skodespelar, songar og dansar som har gjort seg merka både på scene, film og TV. Ho har gjort seg særleg merka i musikalar og på revyscena. Ho vert òg hugsa frå rolla som Trine i komiserien Mot i brøstet på 1990-talet.

Hilde Lyrån
Fødd2. januar 1963 (61 år)
FødestadOslo
Aktive år1983–
Verka somskodespelar, dansar, songar, revyartist
EktefelleAnders Moland
PrisarLeif Justers ærespris, Musikkteaterprisen

Scene endre

Lyrån starta karrieren som dansar i 1983 hos Einar Schanke i revyen Revy 83.[1] Ho arbeidde derfrå mykje med Schanke og Dag Frøland på ABC-teateret, Chat Noir og Chateau Neuf i revyar som blant anna Slottstappet, Norge i våre hjerter, Revy for alle penga, og Einar Schankes 40-års jubileumrevy. Ho har òg medverka i musikalane My Fair Lady, Sweet Charity, Hair, Jungelboken og Sound of Music.

Frå 1994 jobba ho i lengre tid med Tom Sterri i hans revyar på ABC-teateret og Chat Noir: Festrevy for Noreg, Typisk Norsk, I Leende Live og Damenes Aften.

Sommaren 1999 og våren 2000 spelte ho i eit show med Breie Bøe kalla Med Hilde under armen og Brede i bånd. Dette resulterte seinare i eit humorprogram som vart sendt på TV 2 i 2002 under namnet Hilde & Brede show. Dei laga ein ny sesong for TV i 2007.

Sommaren 2002 spelte ho i showet Men tankene mine får du alltid saman med Kjersti Elvik og Lisa Tønne. I 2005 hadde ho ei av hovudrollene som dansar i stykket The Dancing Man, som var laga som ein hyllest til den amerikanske dansaren, koreografen og regissøren Bob Fosse.[2] Førestillinga var seinare på turné fleire stadar i Europa. I 2005 var ho aktuell i revyen Vi er i hundre saman med Breie Bøe, Sven Nordin og Lisa Stokke. Stykket vart lansert i samband med 100 års markeringa for unionoppløysinga. I 2007 var ho ein av damene i Showgirls på Chat Noir, saman med Elisabeth Andreassen, Guri Schanke og Marian Aas Hansen, og i 2012 spelte dei same damene The Showgirls must go on, òg på Chat Noir.[3] I 2009 medverka ho i Taube på Edderkoppen Teater og i 2013 i Jeppe på Chat Noir i 2013 der ho spelte mot Øivind Blunck.[4][5] I 2015 spelte ho hovudrolla i Sommermusikalen Den Gode Hensigt i Svelvik, med musikk og tekst av Christin Grilstad Prøis og regi av Ole Christian Øen.[6] Sommaren 2021 spelte ho i Hjertet mitt for dekkPrøysenhuset.[7]

TV og film endre

På TV gjorde ho seg først noterte i rollen som Skrida i komiserien Mot i brøstet (1995–1997). Ho har seinare gjort seg merka i tv-produksjonar som juleserien Vazelina Hjulkalender (2000), humorprogrammet Hilde & Brede show (2002 og 2007), dramaserien Seks som oss (2004–2007) og såpeserien Hotel Cæsar (2011–2015).

Ho filmdebuterte i barnefilmen Olsenbanden jr. på rocker'n (2004) og har eller gjort seg merka i barnefilmane om Karsten og Petra (2013–2018).

Musikk endre

Utover songnummer i scenemusikalar har ho òg vore deltakar i Melodi grand prix i 1994. Her deltok ho som medlem av trioen Madam Medusa (saman med Cathrine Borkenhagen og Skrida Svensen) som hamna på fjerdeplass. I 2017 deltok ho i Stjernekamp på NRK, men rauk ut tidleg i konkurransen.[8]

Ho har òg bidrege i platesamanheng, blant anna på Vazelina Bilopphøggers Hjulkalender (2000) og på reklame-CDn Hilde og Eldar: Rull'n ut! (2004) saman med Eldar Vågan.[9][10] Ho er òg med på Øivind Blunck og «Småpikene» på albumet Postgiro'n Skal Fram (1983).[11]

Prisar endre

I 2008 vart ho tildelt Leif Justers ærespris og i 2020 fekk ho Æresprisen til Musikkteaterprisen.[12]

Privatliv endre

Lyrån var gift med teaterprodusenten Anders Moland. Ekteskapet vart oppløyst i 2007.

TV-opptredenar (utval) endre

  • 1994 Melodi Grand Prix ... Deltakar i trioen Madam Medusa (sammen med Cathrine Borkenhagen og Trine Svensen)
  • 1994 Brødrene Dal og legenden om Atlant-is ... Bikinijente (ein episode)
  • 1995–97 Mot i brøstet ... Trine
  • 2000 Vazelina Hjulkalender ... Inga Toppen
  • 2002, 2007 Hilde & Brede show ... Fleire roller
  • 2004–07 Seks som oss ... Karin
  • 2010 Camp Senkveld i Senkveld med Thomas og Harald ... Deltakar
  • 2013 Karsten og Petra ... Hilde
  • 2011, 2012–2015 Hotel Cæsar ... Monica Nyman
  • 2017 Stjernekamp ... Deltaker
  • 2018 Thorbjørn ... Tims mot (ein episode)
  • 2021 A Star is Born ... Caster

Filmografi endre

  • 2004 Olsenbanden jr. på rocker'n ... Dolly
  • 2007 Switch ... Ann Karin
  • 2010 Olsenbanden jr. Mestertyvens skatt .... Frøken Pirkdal
  • 2011 Blåfjell 2: Jakten på det magiske horn ... Nissemor
  • 2012 Karsten og Petra blir bestevenner ... Hilde (Karstens mamma)
  • 2013 Karsten og Petra på vinterferie ... Hilde (Karstens mamma)
  • 2014 Karsten og Petras vidunderlige jul ... Hilde (Karstens mamma)
  • 2017 Karsten og Petra ut på tur ... Hilde (Karstens mamma)
  • 2017 Karsten og Petra lager teater ... Hilde (Karstens mamma)
  • 2018 Karsten og Petra på skattejakt ... Hilde (Karstens mamma)

Kjelder endre

  1. Showweb. «Hilde Lyrån» (på norsk bokmål). Henta 5. august 2021. [daud lenkje]
  2. «Hyller Fosse med sexy dans». VG Nett. 1. november 2004. Henta 25. august 2012. 
  3. AS, TV 2 (2012). ««Showgirls»-Hilde: – Hadde ikke holdt ut uten jentenes støtte» (på norsk). Henta 5. august 2021. 
  4. «Taubes lek med virkeligheten» (på norsk bokmål). 2009. Henta 5. august 2021. 
  5. Bikset, Lillian (13. september 2013). ««Jeppe» i store bokstaver» (på norsk). Henta 5. august 2021. 
  6. Håkonsen, Kent Stian (14. mars 2015). «Musikalsk seilas i år». Svelviksposten (på norsk). 
  7. Laakso, Remi (22. mai 2021). «Disse kjente fjesene står på scenen i nytt stykke: – Sårt og vondt, og det koser jeg meg med» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 5. august 2021. Henta 5. august 2021. 
  8. Zakariassen, Gaute (2. september 2017). «Hilde Lyrån ut av Stjernekamp» (på norsk bokmål). Henta 5. august 2021. 
  9. «Vazelina Bilopphøggers – Hjulkalender (2000, CD)» (på engelsk). Henta 5. august 2021. 
  10. «Hilde Og Eldar – Rull'n Ut! (CD)» (på engelsk). Henta 5. august 2021. 
  11. «Øivind Blunck og "Småpikene" – Postgiro'n Skal Fram (1983, Vinyl)» (på engelsk). Henta 5. august 2021. 
  12. «Musikkteaterprisen 2020 delt ut» (på norsk bokmål). 6. oktober 2020. Henta 6. august 2021.