Hiram Bullock

amerikansk musikar

Hiram Law Bullock (11. september 195525. juli 2008) var ein amerikansk jazzfunk- og jazzfusion-gitarist.

Hiram Bullock

Fødd11. september 1955(1955-09-11)
FødestadOsaka i Japan
Død25. juli 2008 (52 år)
DødsstadManhattan
FødenamnHiram Law Bullock
OpphavUSA
SjangerJazz, jazzfusion
InstrumentGitar
Verka somjazzmusikar, gitarist, jazzgitarist

Biografi

endre

Han var fødd i Osaka i Japan av afroamerikanske foreldre som tente i det amerikanske forsvaret. Då han var to år gammal flytta familien til Baltimore. Han synte seg raskt som eit stort musikktalent. Han lærte piano ved Peabody Conservatory of Music, og spelte første gong for folk berre seks år gammal. Etter å ha lært seg saksofon og bass, byrja han å spele gitar 16 år gammal.[1]

Bullock studerte ved University of Miami og møtte gitaristane Pat Metheny og Steve Morse og bassistane Jaco Pastorius og Will Lee. Han betalte for studiane ved å spele på nattklubbar i Florida, før han flytta til New York. Han er mest kjend for spelinga med Pastorius, på Late Night with David Letterman og arbeidet med David Sanborn og Bob James. Han spelar med Steely DanGaucho (1980), Paul SimonOne Trick Pony (1980), Sting...Nothing Like the Sun (1987) (solo på coverversjonen av Jimi Hendrix sin «Little Wing») og Billy JoelThe Stranger (1977). Han arbeidde òg for Harry Belafonte, Marcus Miller, Carla Bley, Miles Davis, Ruben Rada (på albumet Montevideo) og Gil Evans.

Han spelte som medlem av the 24th Street Band, som gav ut tre album: 24th Street Band (1979), Share Your Dreams (1980) og Bokutachi (1981).

I 1982 gav han ut debutplata si, First Class Vagabond.

I 1986 gav Bullock ut det første albumet sitt som leiar for Atlantic Records kalla From All Sides, etterfølgd av albuma Give It What You Got i 1987 og Way Kool i 1990.

I 2007 fekk Bullock strupekreft, men vart behandla for dette og byrja å turnere igjen. Langvarige probl med dopmisbruk førte likevel til at han døydde den 25. juli 2008.[2] Han vart æra av David Letterman på showet hans.

Diskografi

endre
  • 1986: From All Sides (Atlantic)
  • 1987: Give It What U Got (Atlantic)
  • 1992: Way Kool (Atlantic)
  • 1994: World of Collision (Big World)
  • 1996: Manny's Car Wash (Big World)
  • 1997: Carrasco (Fantasy)
  • 1997: Late Night Talk (Venus)
  • 2000: First Class Vagabond (JVC Victor)
  • 2001: Color Me (Via)
  • 2002: Best of Hiram Bullock (WEA)
  • 2003: Try Livin' It (EFA Records)
  • 2004: Jam Jam (3D)
  • 2006: Gitarman (JVC Victor)
  • 2006: Too Funky 2 Ignore (BHM Productions)
  • 2009: Plays the Music of Jimi Hendrix (BHM Productions)

Som sidemann (utval)

endre

Med Gil Evans

Med Art Farmer

Med Dizzy Gillespie

Med Jeremy Steig

Med Chaka Khan

Med John Scofield

Med Carla Bley

Med Rubén Rada

Med Rubén Rada

Med Various Artists

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre