Hiv/aids i Sør-Afrika

Hiv/aids i Sør-Afrika er eit stort problem når det gjeld personleg helse og familieband. Det er også knytt til samfunnsmessige og politiske vanskar.

Aktivistar frå Treatment Action Campaign i 2003.
Foto: Treatment Action Campaign

Sør-Afrika er eitt av dei landa i verda som er hardast ramma av Hiv/aids. UNAIDS har estimert at 5,3 millionar menneske, dvs. meir enn 21,5  % av befolkninga var smitta av hiv på slutten av 2003. Berre i 2003 har rundt 370  000 innbyggjarar døydd av sjukdomen, og 1,1 millionar barn levde utan ein eller begge foreldre som dei hadde mista til sjukdomen (UNAIDS 2004b).

Sjølv om Sør-Afrika er eit av dei betre stilte landa i Afrika sør for Sahara (ASS) har den største oppmerksamheita som landet har fått i samband med bekjemping av sjukdomen vore negativ. Den sørafrikanske presidenten Thabo Mbeki støtta ei lita gruppe forskarar som nektar at det er nokon samanheng mellom hiv og aids. Dette førte til at medisinar mot aids ikkje vart prioritert, og styresmaktene prøvde å framheva tradisjonelle lækjemiddel som kvitlauk, sitron og raudbete mot sjukdommen i staden.[1]

Etter press gjekk Mbeki og regjeringa hans tilbake på dette, og i 2003 vart det vedteke ordningar for antiretroviral terapi av hiv-smitta.[2][3] Likevel byrja ikkje ordninga før i 2004 og presidenten rekna med at 53 000 hiv smitta (av over 5 millionar (UNAIDS 2002)) vil få behandling innan mars 2005 (Freeman 2004). Samtidig trua «The Global Fund to Fight Aids, TB and Malaria» med å trekkje tilbake sin støtte til den sør-afrikanske regjeringa fordi støtten ikkje var blitt teken i bruk (SABCNews.com 2004). Regjeringa gjekk også med på eit initiativ for å utvikle hiv-vaksine.[4]

Sjølv om innsatsen frå sentralregjeringa har vore dårleg har mange provinsregjeringar satsa effektivt (Aase 2004:10). Det ser også ut til at andelen smitta tenåringar er på veg ned og andelen hiv smitta gravide kvinner under 20 år har gått ned frå 20 % til 15 %.

Likevel er det estimert at den forventa levetida kjem til å falle frå 61,8 år i 1995 til 41,5 år i 2005-2010, og at 15,9 millionar fleire døyr i perioden 1995-2025 enn om ein hadde vore utan aids. (UN 2003).

Kjelder endre

  1. BBC: «South Africa Aids policy attacked» 19 August 2006
  2. Kingston, Tim (2004): South Africa's AIDS activism – Treatment with a democratic edge. I San Francisco Chronicle. 28. april 2004. http://www.sfgate.com/cgi-bin/article.cgi?file=/chronicle/archive/2004/04/28/EDGNF6BJ191.DTL Henta 19.05.2004.
  3. Aase, Asbjørn (2004): Hiv/aids i Afrika – med case fra Malawi. Leksjon frå AFR 6002/1002. NTNU: 21.04.2004. Ikkje tilgjengeleg utanfor NTNU.
  4. Freeman, Candace (2004): 53 000 On ARV Treatment By 2005, Pledges Mbeki. 21. mai 2004. Allafrica.com. http://allafrica.com/stories/200405210476.html Henta 25.05.2004.