Hizma (arabisk حزما, hebraisk skrift חיזמה) er ein palestinsk by i Jerusalem guvernement, sju kilometer frå Gamlebyen i Jerusalem. Byen ligg i Område B og grensa til dei israelske busetjingane Neve Yaakov, Pisgat Ze'ev, Geva Binyamin og Almon. Sidan 1967 har Hizma vore okkupert av Israel. Landsbyen er avskoren frå Jerusalem av Separasjonsmuren i vest, som vart bygd i 2005 på konfiskert, palestinsk land. I 2007 hadde Hizma kring 5650 innbyggjarar. Hizma er avskoren frå Vestbreidda av ei rekkje israelske busetjingar i aust.

Hizma
حزما, Hizme
kommune
Hizma
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Jerusalem guvernement
Koordinatar 31°50′06″N 35°15′43″E / 31.83500°N 35.26194°E / 31.83500; 35.26194
Areal 4,6 km²
Folketal 5 700  (2006)
Folketettleik 1 239 / km²
Kart
Hizma
31°50′06″N 35°15′43″E / 31.835°N 35.261944444444°E / 31.835; 35.261944444444
Wikimedia Commons: Hizma

Historie endre

I tida under Det første tempelet var Hizma ein landsby for prestar i området til Benjamin-stamma. Landsbyen var kjend for å produsere steinskåler som vart nytta i tempelet. Ruinane av verkstadane som laga desse skålene er funnen i grotter kring Hizma.[1]

Under israelske okkupasjon endre

Etter Oslo-vatalen var kring 9 % av landsbyen ein del av Område B, medan resten høyrte til Område C. Israel har konfiskert tusenvis av mål frå Hizma for å byggje busetjingar, og omkøyringsvegar og Israel si sperring på Vestbreidda.

Panorama av Hizma

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre