Benjamin

mannsnamn

Benjamin er eit mannsnamn av hebraisk opphav, kjend frå Tanakh og Bibelen og brukt i både jødisk og kristen tradisjon. Det kan òg vera eit slektsnamn.

Namnet «Benjamin» på ein barnegravstein.
Foto: R Neil Marshman

Benjamin har namnedag den 30. august i Noreg og den 28. desember i Sverige.

Avleiing endre

 
Benjaminsgrava i Israel.
Foto: חיים בן אודיז

Namnet er danna av det hebraiske Binjamin (בִנְיָמִין) og kom til kristendommen gjennom gresk (Βενιαμίν). Ben betyr 'son'. Andreleddet jamin kan bety 'høgre hand' eller 'sør', der den siste tydinga er mest truleg ettersom den bibelske Benjamin var den einaste av sønene til patriarken Jakob som blei fødd i Kanaan og ikkje i det nordlege Mesopotamia. Ei anna tradisjonell tolking av namneleddet er at det kjem frå jamim, 'dagar' eller i denne samanhengen 'år', slik at heile namnet tyder 'son i alderdommen'.[1] Namnet er også gjeve tydinga 'lykkeleg' eller 'son av lykka'.[2]

Namnet har variantar på ulike språk som italiensk Beniamino, russisk Venyamin og tyrkisk Bünyamin. Elles har det kortformer som Ben(n), Benny, Bennie, Benji(e) og Benjy.

Bruk endre

Benjamin, son av Jakob, er rekna som stamfar for ein av dei tolv israelittstammane. I Mosebøkene blir Benjamin-stammen omtalt som krigersk, og Dommarane fortel om korleis han blei slått ned av dei andre stammane.[3]

I mellomalderen var det vanleg å gje namnet Benjamin til barn av mødre som hadde døydd i barsel, ettersom dette var tilfellet med Rakel, mora til den bibelske Benjamin.[4] Ein kunne òg gje namnet til yngsteguten i ein stor syskenflokk.[2]

Benjamin var det mest brukte namnet på nyfødde i Chile i 2005. Det er også utbreidd i Australia og New Zealand.

Bruken av namnet i Noreg var låg på 1900-talet til han tok til å veksa mot slutten av 1960-talet. På 1990- og 2000-talet nådde bruken eit høgdepunkt med rundt 1,0 % av nyfødde gutar. I 2009 var det 4 922 norske menn som heitte Benjamin.

Kjende namneberarar endre

Førenamn endre

 
Namnetrekket til Benjamin Rush.

Slektsnamn endre

Annan bruk endre

 
Bilmerket Benjamin

Sjå òg endre

Kjelder endre

  • Hanks, Patrick; Hardcastle, Kate; Hodges, Flavia, red. (2006), «Benjamin», A Dictionary of First Names, Oxford University Press 
  1. Hanks, Hardcastle & Hodges 2006
  2. 2,0 2,1 «Benjamin» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. 1 Mos 35, 45, 49 og Dom 19–21, oppgjeve i Store Norske Leksikon.
  4. Hanks, Hardcastle & Hodges 2006