Log (frå norrønt lǫg, frå lag, 'det som er lagt, fastsett') er ein rettsregel som fastset rettar og plikter. Ei formell log er ein skriven rettsregel laga av den loggjevande makta i eit land.

Siste sida av Codex Runicus som inneheld ein versjon av Skåneloga.

I moderne tid er logar som oftast nedskrivne, slik at sedvanerett ikkje er rekna som del av logane. Tradisjonelt hev ein ofte brukt munnleg logyverføring, der logane ikkje er skrivne ned, men likevel ligg fast.

Noreg endre

 
Norske logar er samla i Norges lover.

I Noreg er ei log definert som ein generell rettsregel gjeven av Stortinget etter reglar heimla i den norkse grunnloga.

Logar vedtekne til og med 1968 vert identifiserte med sanksjonsdato, og eit tal dersom det vart vedtekne fleire logar same dag. Logar vedtekne frå og med 1969 vert identifiserte med årstal og eit stigande nummer gjenom kalenderåret.

Saksgangen fram mot logvedtak endre

  • Regjeringa si førebuing
  1. I større og særleg viktige logsaker uppnemner Regjeringa eit utval. Utvalet greier ut om faktiske tilhøve og rettslege problemstillingar. Utgreiinga og eit utkast til log vert levert i form av ein NOU eller ein rapport til det departementet sakstypen normalt sorterer under.
  2. Departementet sender logutkastet til andre relevante departement og organisasjonar til høyring.
  3. I saker der ein hev ein NOU og høyringsuttalar frå organisasjonar vert NOUen samanfatta med uttalane og departementet sine eigne kommentarar i ein odelstingsproposisjon (Ot.prp.) I mindre logsaker utarbeider departementet direkte eit logframlegg i form av ein odelstingsproposisjon (Ot.prp.).
  4. Kongen i statsråd (Regjeringa) vedtek proposisjonen og sender han vidare til Stortinget for handsaming.
  • Stortinget si handsaming
  1. Den relevante fagkomiteen vurderer proposisjonen og gjev eventuelt kommentarar med innstillinga til Odelstinget (Innst.O.).
  2. Odelstinget vurderer logsaka og fattar vedtak. (Forh.O.)
  3. Lagtinget vurderer logsaka og fattar i utgangspunktet endeleg vedtak. (Forh.Lt.) Dersom Lagtinget ikkje sluttar seg til Odelstinget sitt vedtak legg det ved «Lagtinget sine merknader» og sender saka attende til Odelstinget. Dersom det er usemje millom Lag- og Odelsting tvo gonger må logsaka upp til plenumsvotering i Stortinget, og krev 2/3 fleirtal for å verta vedteke.
  • Kongen i statsråd (Regjeringa) sin sanksjon
  1. Kongen signerer og statsministeren kontrasignerar vedtaket.
  • Kunngjering
  1. Logvedtaket vert kunngjort gjenom Norsk Logtidend og registrert i Logdata-systemet. Loga gjeld i utgangspunktet frå ein månad «etter den dag da det nummer av Norsk Logtidend bleiv utgjeve som innehalder kunngjeringa av loga» jf. LOV-1969-06-19-53 (Log um Norsk Logtidend)

Kjelder endre