Hovud

lekamsdel
(Omdirigert frå Hode)
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Hovud».

Hovud er i anatomien den fremste lekamsdelen hjå dyr når han er utrusta med munn, hjerne, høgre sanseorgan, inngangsopningar til luftvegane og eventuelt eige skjelett, kranium eller hovudskalle. Hovudet er oftast meir eller mindre tydeleg avsett frå og rørleg i høve kroppen. Lågare virvellause dyr manglar eit eigentleg hovud.

Proporsjonane til menneskehovudet av Leonardo da Vinci

I overført tyding kan ein nytta nemninga hovud om utvida endar av einstaka organ eller celler; t.d. ein fortjukka ende av ein røyrknokkel, leddhovud; utspringsdelen til ein muskel; den kjernehaldne delen i ei sædcelle.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hovud