Hollies
Studioalbum av The Hollies
Språk engelsk
Utgjeve 1. september 1965
Innspelt 10. november 1964 – 13. juli 1965 i Abbey Road Studios, London
Sjanger
Lengd 28:36
Selskap EMI Parlophone PMC 1261 (Mono)
Produsent Ron Richards
The Hollies-kronologi 
In The Hollies Style
(1964)
Hollies Would You Believe?
(1966)


Hollies er det tredje studioalbumet til The Hollies for Parlophone. Dette vert òg kalla Hollies '65 for å skilje det frå eit album med same tittel frå 1974. Albumet nådde åttandeplassen på albumlista i Storbritannia. Opphavleg vart albumet berre gjeve ut i mono, men kom ut i stereo med tittelen Reflection i 1969.I 1997 gav EMI ut både mono- og stereomiksen av albumet på same CD.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]

Av tolv songar på albumet vart berre «So Lonely» gjeven ut på singel i Storbritannia, og då var han berre B-sida til hitten «Look Through Any Window» i 1965, ein song spelt inn samtundes med resten av albumet. På originalalbumet var fem av tolv songar skrivne av bandet sjølv, på den tida tilskriven pseudonymet «L. Ransford», men i røynda skrivne av Allan Clarke, Tony Hicks og Graham Nash. Restne er coverlåtar. I Skandinavia vart «Very Last Day» og «Too Many People» gjevne ut på singel, og den førstnemnte vart ein stor hit i Sverige og ein halvstor i Noreg.[2]

Songen «Put Yourself in My Place» (skriven av Clarke, Hicks og Nash) vart òg spelt inn av Episode Six som debutsingelen deira i 1966.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«Very Last Day»Noel Stookey, Peter YarrowClarke2:58
2.«You Must Believe Me»Curtis MayfieldClarke2:08
3.«Put Yourself in My Place»L. RansfordClarke and Nash2:40
4.«Down the Line»Roy OrbisonClarke2:03
5.«That's My Desire»Carroll Loveday, Helmy KresaClarke2:27
6.«Too Many People»L. RansfordClarke2:38
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lead vokalLengd
7.«Lawdy Miss Clawdy»Lloyd PriceClarke1:50
8.«When I Come Home to You»L. RansfordClarke2:26
9.«Fortune Teller»Naomi NevilleClarke2:27
10.«So Lonely»L. RansfordClarke and Nash2:36
11.«I've Been Wrong»L. RansfordClarke and Nash1:56
12.«Mickey's Monkey»Holland-Dozier-HollandClarke2:30
  • Merk: Alle songar skrivne av bandmedlemmane vart kreditert til «L. Ransford».

Hear! Here! (Amerikansk versjon) endre

Hear! Here!
Studioalbum av The Hollies
Språk engelsk
Utgjeve November 1965
Innspelt 10. november 1964 – 13. juli 1965
Sjanger
Selskap Imperial
Produsent Ron Richards
Amerikansk The Hollies-kronologi 
Here I Go Again
(1964)
Hear! Here! Beat Group!
(1966)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [3]

Meir enn eitt år etter The Hollies gav ut debutalbumet sitt i USA, Here I Go Again, inspirererte sukssen med singelen «Look Through Any Window» (den første til The Hollies på Topp 40 i USA) Imperial Records til å gje ut eit nytt album med bandet.

I november 1965 gav Imperia ut Hollies med eit litt anna innhald, og under namnet Hear! Here!. Den amerikanske versjonen kom utan «Fortune Teller» og «Mickey's Monkey» frå Hollies og la til singlane «I'm Alive» og «Look Through Any Window». Sporlista vart òg omarrangert, slik at singlane start kvar si side.

Sjølv om albumet tydeleg er den amerikanske utgåva av Hollies, nytta den amerikanske utgåva plateomslaget frå den britiske utgåva av In The Hollies Style, som aldri kom ut i USA.

«Mickey's Monkey» kom seinare ut i 1966 på albumet Bus Stop, men «Fortune Teller» vart ikkje gjeve ut i USA før i 1990-åra. I 2010 vart monoversjonen av plata gjeven ut på 180-grams vinyl i USA av Sundazed Records.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av L. Ransford, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«I'm Alive» (Clint Ballard jr.)2:22
2.«Very Last Day» (Paul Stookey, Peter Yarrow)2:50
3.«You Must Believe Me» (Curtis Mayfield)2:05
4.«Put Yourself in My Place»2:35
5.«Down the Line» (Roy Orbison)2:00
6.«That's My Desire» (Carroll Lovesday, Helma Kresa)2:30
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Look Through Any Window» (Charles Silverman, Graham Gouldman)2:16
8.«Lawdy Miss Clawdy» (Lloyd Price)1:50
9.«When I Come Home to You»2:24
10.«So Lonely»2:36
11.«I've Been Wrong»1:54
12.«Too Many People»2:40

Love N' Flowers (Kanadisk versjon) endre

Love N' Flowers
Studioalbum av The Hollies
Språk engelsk
Utgjeve 6. november 1967
Studio Abbey Road Studios, London
Sjanger Beat, Rock
Selskap Capitol (D)T-6245
Produsent Ron Richards
Kanadisk The Hollies-kronologi 
Evolution
(1967)
Love N' Flowers Dear Eloise / King Midas in Reverse
(1968)


I 1967 overførte The Hollies dei amerikanske og kanadiske rettane til ny musikk frå bandet til Epic Records. I motsetnad til Imperial Records i USA, hadde ikkje Capitol Canada gjeve ut ein versjon av Hollies då det kom ut i 1965, og valde i staden å gje ut ei redigert utgåve av eit nesten år gammalt album, In The Hollies Style. Men sjølv om dei fleste masterlydbanda var eigde av moderselskapet til Capitol Records, EMI, valde Capitol Canada å gje ut eit album for å konkurrere mot den første Epic-utgjevinga av The Hollies, Evolution. I november 1967, ein månad etter Evolution kom ut, gav Capitol Canada ut ei ny utgåve av Hollies med eit «blomsterbarn»-omslag og under namnet Love N' Flowers. Capitol Canada hadde tidlegare gjeve ut to songar frå Hollies («Very Last Day» og «Too Many People») på den kanadiske versjonen av Bus Stop, og eit tredje spor («Mickey's Monkey») hadde vore med på In The Hollies Style, slik at ni songar frå albumet ikkje var gjevne ut i Canada. Capitol Canada la til ein av songane dei ikkje hadde nytta frå den britiske utgåva av In The Hollies Style («I Thought of You Last Night») slik at albumet bestod av ti songar.

Dette var den siste nye utgjevinga i The Hollies-katalogen på Capitol Canada.

Innhald endre

Side 1

  1. «You Must Believe Me»
  2. «Put Yourself in My Place»
  3. «Down the Line»
  4. «That's My Desire»
  5. «Lawdy Miss Clawdy»

Side 2

  1. «When I Come Home to You»
  2. «Fortune Teller»
  3. «So Lonely»
  4. «I've Been Wrong»
  5. «I Thought of You Last Night» (Ralph Freed) – 2:18

Medverkande endre

The Hollies

Andre medverkande

Kjelder endre

  1. Unterberger, Richie. Hollies (1965)Allmusic
  2. Hansen, Svein Harald (13. oktober 2017), «HOLLIES I NORGE», GAMMELPOP (på norsk bokmål), henta 25. september 2021 
  3. Hollies (1965)Allmusic
  4. User, Super. «Session Listing». hollies.co.uk (på engelsk). Arkivert frå originalen 25. september 2018. Henta 21. mars 2018.