In The Hollies Style

In The Hollies Style
Studioalbum av The Hollies
Språk engelsk
Utgjeve November 1964[1]
Innspelt 13. april – 25. august 1964
Studio EMI Studios i London i England
Sjanger
Lengd 29:08
Selskap Parlophone (UK)
Capitol T-6143 (Canada)
Produsent Ron Richards
The Hollies-kronologi 
Stay with The Hollies
(1964)
In The Hollies Style Hollies
(1965)
Kanadisk The Hollies-kronologi
Stay with The Hollies
(1964)
In The Hollies Style I Can't Let Go / Look Through Any Window
(1966)


In The Hollies Style er det andre studioalbumet til den britiske beatgruppa The Hollies, gjeven ut på Parlophone i november 1964.[1] Albumet vart seinare gjeven ut i Canada av Capitol Records den 4. oktober 1965 med eit anna innhald.[2]

På grunn av det dårlege salet av stereoutgåva av debutalbumet deira i Storbritannia vart In The Hollies Style berre utgjeve i mono, medan stereomiksane vart sende til andre marknader. Stereomiksen vart omsider gjeven ut i Storbritannia i 1967, men då under namnet The Vintage Hollies i 1967. I 1997 gav britiske EMI ut både mono- og stereomiksane på same CD.

Innspeling endre

Som føregangaren, Stay with The Hollies, vart In The Hollies Style spelt inn i EMI Studios i Abbey Road i London, og vart produsert av Ron Richards. Innspelinga av albumet byrja 13. april 1964 då bandet spelte inn songane «Time for Love» og «Don't You Know». Innspelinga fortsette den 27. april med «You'll Be Mine», «It's in Her Kiss», «Come on Home», «Too Much Monkey Business» og «I Thought of You Last Night». Tre songar til, den seinare B-sida «Come on Back», «Set Me Free» og «Please Don't Feel Too Bad» vart spelte inn 30. juni.

Gruppa var så ikkje i studi på nesten to månader, og kom attende 16. august for å spele inn «What Kind of Boy» og eit forsøk på singelen «We're Through». Dei var ikkje nøgd med arrangementet frå denne innspelinga og spelte inn «We're Through» på ny 25. august, då dei to siste songane på albumet vart spelte inn, «To You My Love» og opningsmedleyen «Nitty Gritty/Something's Got a Hold on Me».[3]

Både dette albumet og debutalbumet inneheldt mange rhythm and blues-songar av amerikanske artistar og låtskrivarar, som Chuck Berry og Etta James. Men i motsetnad til debutalbumet, var det òg fleire songar som var skrivne av bandet sjølv. Sju av tolv songar på albumet var skrivne av Allan Clarke, Tony Hicks og Graham Nash og vart tilskriven pseudonymet «L. Ransford». Clarke, Hicks og Nash fortsette å brukte dette pseudonymet fram til albumet For Certain Because mot slutten av 1966, då songane til gruppa byrja å bli hittar.[4]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«Nitty Gritty/Something's Got a Hold on Me»Lincoln Chase/Etta James, Leroy Kirkland, Pearl WoodsClarke4:13
2.«Don't You Know» Clarke1:57
3.«To You My Love» Nash2:08
4.«It's in Her Kiss»Rudy ClarkClarke, Nash and Hicks2:15
5.«Time for Love» Clarke2:31
6.«What Kind of Boy»Big Dee IrwinClarke2:39
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
7.«Too Much Monkey Business»Chuck BerryClarke, Nash and Hicks2:28
8.«I Thought of You Last Night»Ralph FreedClarke and Nash2:18
9.«Please Don't Feel Too Bad» Clarke2:27
10.«Come On Home» Clarke and Nash1:53
11.«You'll Be Mine» Clarke2:02
12.«Set Me Free» Clarke and Nash2:28

Kanadisk versjon endre

Sjølv om The Hollies hadde blitt store stjerner i Storbritannia, valde verken det amerikanske eller kanadiske selskapet å gje ut dette albumet. Omsider, etter at det tredje britiske albumet, Hollies, kom ut, gav Capitol Canada ut albumet i ein litt endra versjon den 4. oktober 1965. Den kanadiske versjonen inneheld berre fem av songane frå den britiske utgåva, og tok i staden med tre av britiske hitsinglar som ikkje kom med på det britiske albumet («We're Through», «Yes I Will» og «I'm Alive»), to B-sides («You Know He Did» og «Come on Back», som sidan vart omskriven som «Stop Stop Stop»),[4] ein song frå Hollies («Mickey's Monkey») og ei annan song spelt inn for, men ikkje teken med på Hollies («Honey and Wine»).

Totalt inneheldt den kanadiske versjonen seks songar skrivne av Clarke-Hicks-Nash og tilskriven L. Ransford, ein song mindre enn på den britiske utgåva. I alt vart ti forskjellige, originale songar gjevne ut på desse to versjonane av albumet.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«I'm Alive»Clint Ballard jr.2:24
2.«You Know He Did»L. Ransford2:01
3.«Honey and Wine»Gerry Goffin, Carole King2:28
4.«Mickey's Monkey»Holland-Dozier-Holland2:29
5.«Come on Back»L. Ransford2:10
6.«We're Through»L. Ransford2:15
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Yes I Will»Goffin, Russ Titelman2:57
8.«Don't You Know» 1:57
9.«To You My Love» 2:08
10.«Time for Love» 2:31
11.«What Kind of Boy» 2:39
12.«Too Much Monkey Business» 2:28

Medverkande endre

The Hollies

Andre medverkande

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Album Listing by Release Date». The Hollies. Arkivert frå originalen (PHP) 25. mai 2011. Henta 21. mars 2018. 
  2. «The 6000 Series of 33⅓ RPM Vinyl Discs». Capitol 6000. Canada: Piers Alexander Hemmingsen. Henta 21. mars 2018. 
  3. The Clarke, Hicks & Nash Years: The Complete Hollies – April 1963 – October 1968 (CD). The Hollies. EMI Records. 2011. 50999096242 2 1.