Holy Loch
Holy Loch (skotsk-gælisk An Loch Sianta/Seunta) er ein sea loch eller ein fjord i Argyll and Bute i Skottland. Han er ein fjordarm på austsida av Firth of Clyde. Han er om lag 1,5 km brei og 5 km lang. Byen Dunoon på Cowalhalvøya ligg ved Clyde like sør for Holy Loch. Ein trur at namnet Holy Loch kjem frå 500-talet då St. Munn gjekk i land der etter å ha reist frå Irland.
Holy Loch | |||
fjord | |||
Holy Loch sett frå andre sida av Firth of Clyde frå Tower Hill i Gourock med Hunters Quay til venstre og Strone til høgre.
| |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Holy Loch 55°59′13″N 4°55′59″W / 55.987°N 4.933°W | |||
Wikimedia Commons: Holy Loch |
Under den andre verdskrigen vart fjorden nytta av Royal Navy som ubåtbase, og her vart utført mange testar og øvingar med ubåtane. Mellom 1961 og 1992 hadde den amerikanske marinen ein ubåtbase her.
Bakgrunnsstoff
endre- Holy Loch Marina
- Benmore botaniske hage Arkivert 2008-12-05 ved Wayback Machine.
- Informasjon om Holy Loch
- USS Hunley (AS-31) i Holy Loch Arkivert 2008-02-28 ved Wayback Machine.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Holy Loch» frå Wikipedia på engelsk, den 15. januar 2010.